Han har heller ikkje planar om å utrydde jødar, heller ikkje ukrainarar, jamvel om han omtalar dei i dehumaniserande ordelag og fråkjenner den ukrainske nasjonen livets rett. Draumen Putin har om atterreising av eit Stor-Russland, er ikkje ein kopi av Hitlers draum om eit arisk «Lebensraum», der slaviske under-menneske skulle tene som trælar for herrefolket.

Likevel er det eit poeng å peike på analoge sider ved bakgrunnen deira, framferda overfor andre nasjonar og måten båe har tilkjent motstandarane sine eigenskapar som skal gjere det legitimt å angripe dei.

Som Hitler er Putin ekstrem nasjonalist. Det tyske nederlaget i verdskrigen og vilkåra Tyskland vart tvunge til å akseptere, tente saman med den s.k. «dolkestøyt-legenda», at marxistar og jødar hadde falle den tyske hæren i ryggen, til å skape ei utbreidd kjensle av å ha blitt trakka på som nasjon og vart utnytta effektivt av nazistane med Hitler i leiinga. Samanbrotet av Sovjet og vasallstatanes lausriving som følgde, har spelt ei analog rolle i Putins auge. Russland lir av eit «Versailles-syndrom», ei kjensle av å vere audmjuka og fråteken rettar, om lag som stoda var i Tyskland etter 1920. At NATO står på grensa til Russland i deler av Europa, er sett på som eit svik frå NATO si side, Putins versjon av dolkestøyt-legenda.

Putin ser det russiske folket som truga både utan- og innanfrå. I Ukraina blir etniske russarar «offer for eit nazi-regime sitt folkemord». Dei russarar som på heimebane er usamde med Putin, er parasittar «ein spyttar ut straks ein kjenner dei i munnen». Som parasittar øydelegg dei den sosiale organismen og bør fjernast.

Putin har, som Hitler, skapt ein kultus om seg som førar og er heidra for forsvaret sitt av eit «reint» samfunn omgitt av fiendar. Reinleiken gir det høgare moralsk status enn andre og tru på at dei har rett til å sette gjennom krava sine med makt. Den ortodokse kyrkja har gjort han til hærføraren sin i kampen mot vestleg moralsk forfall.

Der er klar likskap mellom Hitlers politikk i 1938/39 og det Putin har sett i gang. Hitler innlemma Østerrike i det Stortyske Riket og annekterte Sudetenland i Tsjekkoslovakia. Så følgde okkupasjon av Tsjekkoslovakia. Putin starta med anneksjon av Krim. Deretter følgde Moskva-støtta oppreist i deler av Donbas. Som i Sudetenland ville eit mindretal rive seg laust og henta våpen og støtte frå ein mektig nabo. Likskap i framgangsmåte er påfallande. Særleg gjeld det Sudetenland, på eine, og Donbas på hi sida. Slik okkupasjonen av Tsjekkoslovakia følgde anneksjonen av Sudetenland, skulle ifl. Putins planar okkupasjon/frigjering av Ukraina følgje «frigjeringa» av Donbas.

Ikkje berre liknar handlingane. Språket er òg av same slag. Skjellsorda Putin bruker i omtalen av «narko-avhengige nynazistar» under leiing av (den jødiske) presidenten Zelinsky og undertrykkinga deira av folket, minner sterkt om ordbruken til Hitler i omtalen hans av den tsjekkiske regjeringa og president Edvard Benes. Dei dreiv «terroristisk utpressing» og hadde «forbryterske mål».

Ein annan likskap finn vi i Hitler og Putin sine respektive forsøk som «historikarar». På partisamlinga «Stortyskland» i Nürnberg 1938, midt i Sudetenland-krisa og like etter innlemminga av Østerrike, grunngav Hitler det dei hadde gjort, med å vise til den spesielle status ikkje berre Sudetenland og Østerrike, men òg Böhmen og Mähren, i hundrevis av år hadde hatt i det tidlegare tyske storriket. Verda skulle vite at det tidlegare hadde eksistert eit stort germansk-tysk rike. Da Böhmen og Mähren vart protektorat i april 1939, legitimerte Hitler det med referanse til Monroe-doktrinen frå 1823: Europeiske makter har ikkje rett til å blande seg inn i det som skjer i amerikansk hemisfære. Den same doktrinen hevdar vi tyskarar nå for Europa, framfor alt for det stortyske riket.

Putin hevdar Russland er ei eurasisk stormakt og har difor rett til eit område der ingen andre, verken vestlege makter eller SN, har noko å seie. Putin tenker i same banar som Carl Schmitt, leiande folke- og statsrettstenkar i Tyskland i mellomkrigstida: Tyskland har krav på å herske over tsjekkarane på grunn av dei særlege rettane som følgjer av at Tyskland ikkje er ein ordinær nasjonalstat, men frå alders tid eit «rike».

I Putins augo er det viktig å kunne legitimere kravet om at Russland har rett på ein geopolitisk påverkingssone og til atter å oppstå som det Stor-Russland landet ein gong var. I fjor publiserte han ein artikkel om den historiske einskapen mellom russarar og ukrainarar. Her går han tilbake til året 988, til dåpen av den heilage Vladimir, fyrste av Novgorod og storfyrste av Kyiv, for å grunngi tesen sin om sams opphav og historie for russarar, ukrainarar og kviterussarar. Desse utgjer dei tre greinene, hevdar han, frå det gamle «Rus» – den store russiske nasjonen. Konklusjonen Putin trekker på basis av historieforteljinga si, er at «Ukraina kan ikkje oppnå sann suverenitet utan partnarskap med Russland». I dag veit vi kva Putin forstår med «suverenitet» og «partnarskap».

Putins artikkel presenterer ein tradisjonell russisk myte, der landet, eit moralsk og kulturelt føredøme, er omgitt av moralsk forderva fiendar, men inneber samtidig, hevdar kjennarar av austeuropeisk historie, ei radikalisering av historiesynet hans. Resultatet er ei blanding av viktimisering, sovjetpatriotisme, imperial nasjonalisme og «Blut-und-Boden» patos.

Så kan ein spørje seg om denne utviklinga har vore nødvendig som svar på NATO sin ekspansjon, der statar som til da hadde tent som bolverk mot ei fiendtleg omverd, snøgt fann plassen sin innanfor NATO. Erfaringane dei hadde gjort som Sovjets vasallstatar, freista ikkje til framhald. Er Russlands redsle for omverda realitetsbasert? Eller er den reell utan røyndomsbasis? Det siste er truleg farlegare enn det første.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!