Våren 2007 hadde eg pappaperm. Våren 2010 også. Mykje likt. Beremeis, smokk og bleieskift. Men der var ein stor forskjell mellom åra. I 2010 hadde smarttelefonen komme til på leikeplassen mellom oss foreldra. Alle desse stolne sekunda. Til saman minutt, timar og dagar. Stolne.

Så har barna våre tatt etter oss. Så til dei grader.

Eg såg faresignala for fleire år sidan. Først som medievitar frå universitetet og ei hovudfagsoppgåve om nettopp moglegheitene og farane ved dei nye media. Seinare som aktiv forelder, foreldrerepresentant i småskulen og FAU-leiar. Sosiale medium og meldingstenester vart stadig oftare tema i dei fæle sakene om barn og unge. Kva dei såg, kva dei skreiv, kva dei filma og tok bilde av, kva dei delte. Eg tok opp temaet i ei foreldregruppe. Kva om vi lærte litt av utviklinga? All forsking? Alle mediesakene? Alle politisaker? Eg foreslo at vi skulle starte med at barna våre ikkje får tilgang på sosiale medium før dei har nådd aldersgrensa som Facebook, Instagram, Snapchat og TikTok sette sjølv. Vi var tilsynelatande einige om at det var ein god idé. Men så gav ein etter ein forelder etter, eg også, og så var "alle" barna på sosiale medium mange år før dei var gamle nok.

Vi svikta.

Eg trur dette kan forklarast med gruppepress for store og små. Barna vil fordi "alle andre". Og slik er det vel med vaksne også. Kven vil at barnet sitt skal vere denne eine som ikkje får med seg noko som helst av kvar ein skal møtes, invitasjonar til bursdag, handballkampar eller idrettsarrangement? Alt som skjer før, under eller etter eit fysisk og ekte møte, heime i ei kjellarstove, på ein ballplass eller eit kulturhus, blir avtalt, dokumentert og diskutert på sosiale medium og i chat. Vi vil barna våre vel og vil ikkje at dei skal vere utanfor. For når alle er med, sjølv om det er på tvers av anbefalingane til politi, forsking og dei store teknologigigantane, så klarer nesten ingen å stå imot. Eg veit om nokon ytst få som har stått imot og barna deira har måtte kjenne på utanforskapen. Eg er imponert over dei foreldra som har stått imot. Vi andre?

Vi har svikta.

Som FAU-leiar får eg kjennskap til mykje av det som går føre seg på "eigen" skule, men gjennom samarbeid med andre skular i kommunen og kommunane rundt, dukkar det opp stadig oftare saker med same fellesnemnar: Sosiale medium og meldingstenester er arena for mykje fælt vi ikkje har kontroll over. Her delast valdeleg og seksualisert innhald, det avtalast tid og stad for slosskampar, kjøp av rusmiddel eller møte mellom folk som ikkje burde møtes.

På meldingstenester som Snapchat forsvinn meldingar. Eller så står eit svar att, medan spørsmålet blir borte. Samanhengar forsvinn. Bevis blir borte.

Spør barnet ditt om kor mange meldingar som er sendt på Snap. Det dreier seg for dei fleste barn om mange titals tusen. Eller hundre tusen. Det skjer i eit tempo og tidvis med ein aggresjon som aldri ville vore gjort ansikt til ansikt. I ei nyleg sak eg vart gjort kjend med, var eit barn urettmessig skulda for å ha sendt ei melding. Etter litt samtalar sa ho at "Ja, kanskje eg har gjort det då. Alt skjer så fort". Ho hadde ikkje gjort det, men alle trudde det og til slutt ho sjølv også. Alt skjer så fort, og vi burde sett på bremsene for lenge sidan. Men det har vi ikkje gjort.

For vi svikta.

Det er ikkje mediebruk i seg sjølv som er problemet, men den manglande innlevinga. Mottakaren får den ein annan stad og til anna tid. Det manglar eit ekte fellesskap. Eit felles rom. Det blir sagt og påstått og gjort ting ein aldri ville gjort ansikt til ansikt. Og ofte meiner ein det ikkje vondt. Men det kan gjere minst like vondt.

I mellomfagsoppgåva starta eg om teknologioptimisme og teknologipessimisme slik: "Med kniv kan ein skjære brød. Eller naboen". Vi har gitt våre barn skarpe verktøy som kan brukast til mykje godt. Og gale. No renn det tårer og blod.

Vi har svikta, men vi kan gjere det godt igjen. Men vi må gjere det i lag. Som ein landsby.