I år 2022 kåra Språkrådet «krympflasjon» til årets ord. Eit gammalt fenomen, men eit nytt ord, og eit ord som samanfattar 2022 på ein slåande måte, sa direktør for Språkrådet Åse Wetås til NRK. Krympflasjon er enkelt forklart samansett av orda «krymping» og «inflasjon» og handlar om at ei vare krympar i innhald utan at prisen vert sett ned. For eksempel er det no fire lefser i ein pakke med lefserull, i staden for fem, men prisen er den same. No har også Ålesund kommune hengt seg på denne trenden, med å tilby mindre for meir.

Nye vedtekter på høyring

9. januar sende ei arbeidsgruppe ut på høyring forslag til nye vedtekter for skulefritidsordninga i Ålesund kommune. Forslaget hadde høyringsfrist 20. januar. Her vart det blant anna foreslått følgande:

  • å kutte i opningstida i begge endar av dagen, frå kl. 07.00-17.00 til kl. 07.30-16.30.

  • å redusere talet på opphaldskategoriar til tre. Det vil blant anna føre til at du ikkje lengre kan nytte deg av SFO-tilbodet berre om morgonen, eller berre om ettermiddagen, men altså ville måtte betale for begge deler uansett om du har bruk for det eller ikkje.

  • å kutte ut søskenmoderasjon dersom du har to eller fleire barn som har plass på SFO.

Under Koronapandemien, blei opningstida innskrenka frå kl. 06.45 til kl. 07.00 i Ålesund kommune. Denne innskrenkinga vart aldri ført tilbake etter gjenopninga av samfunnet. Og no er det altså foreslått å innskrenke ytterlegare. Det er mogleg det er spekulativt å sjå det i samanheng med at det berre er offentleg tilsette som sit i arbeidsgruppa som har utforma forslaget, men ein kan jo begynne å lure. For oss andre, som arbeider i det private næringslivet, vil dette kunne by på store utfordringar, både for arbeidstakar og arbeidsgivar. Bur du med ein halvtimes køyring til arbeidsplassen og arbeidstida di startar kl. 07.30 betyr dette at du i verste fall ville miste 2,5 arbeidstime i veka. På eit år utgjer dette 117,5 arbeidstimar. Kven skal dekke desse timane? Den enkelte? Arbeidsgivar? Kommunen?

Mindre for meir

SFO-ordninga i dag er lagt opp slik at du kan velje mellom fleire kategoriar, alt etter kva som passar din familie sin situasjon, både med omsyn til arbeidstider, pendlarveg, tilgjengelege eller ikkje tilgjengelege besteforeldre, økonomi og så vidare. Og her er det ein kan få assosiasjonar til fenomenet krympflasjon. Dersom ein ikkje lengre skal kunne skilje på plasskategoriane med/utan SFO-tilbod om morgonen, vil du altså kunne endre opp med å måtte betale for noko du eigentleg ikkje har bruk for. Slik det er organisert i dag, sparer du om lag kr 1000 per barn, dersom du har SFO berre på ettermiddagstid, og ikkje om morgonen. Dersom forslaget i høyringsutkastet går gjennom, vil ein altså i verste fall måtte betale fleire tusen kroner meir i året, for mindre.

Har du fleire enn eitt barn med behov for SFO-tilbod, får du i dag 30 % reduksjon for barn nr. 2 og 50 % reduksjon for barn nr. 3 eller fleire. Dette er no altså foreslått fjerna, og har du tre barn med behov for SFO-tilbod i Ålesund kommune, må du altså betale full pris for alle tre. Du kan rett nok framleis søke om redusert foreldrebetaling i tråd med nasjonale retningslinjer. Likevel vil dette samla sett føre til ei uhensiktsmessig prisauke som overhovud ikkje står i stil med tilbodet.

Ein umogleg skvis

Eg skal ikkje hevde at eg har full innsikt i kommuneøkonomien eller for så vidt politikken, men eg opplever det som stadig vanskelegare å forstå korleis det heile skal gå opp. På ei side vil myndigheitene at vi skal jobbe lengre, jobbe meir, få fleire barn og ta oss av våre gamle sjølve, i mykje større grad. På den andre sida innskrenkar dei same myndigheitene tilboda for barna våre og for dei eldre. Det blir ein skvis det er umogleg å stå i, for oss i midten.

Det er liten tvil i at desperasjonen rår i Ålesund kommune, og at det blir snudd på kvar ein stein for å unngå å hamne på den segnomspunne ROBEK-lista. Og eg forstår jo at det ikkje er ønskeleg, men ein kan snart spørje seg kva som er kva: er kommunen til for innbyggarane, eller er innbyggarane til for kommunen?