Bøndene er utolmodige. Matproduksjon, landbruk og bondeinntekt bør vere blant dei øvste sakene på dagsordenen når regjeringsmedlemmene diskuterer budsjettet for neste år.

Covid-19-pandemien blei ein augeopnar for mange nordmenn. Det viste seg at det å ha tilgang til nok mat, slett ikkje er noko sjølvsagt – ikkje ein gong for innbyggjarane i eit velståande Noreg.

Den ulykksalige og meiningslaust aggressive russiske invasjonen av Ukraina viser enda tydelegare kor sårbar matproduksjonen i verda er. For eit par veker sidan ytra generalløytnant og tidlegare generalinspektør for hæren Robert Mood seg krystallklart i Bondebladet: Evna vår til å overleve avheng av eit aktiv landbruk i heile landet. Norsk landbruk er nesten like viktig for at nasjonen Noreg skal overleve, som forsvaret.

Norsk sjølvforsyning er viktig beredskap. Norske bønder er avgjerande for norsk sjølvforsyning. Dette veit vi som driv jorda. Dette har vi slåst for i årevis, samtidig om vi har sett at stadig fleire bønder har sett frå seg plogen og parkert traktorane. Nettopp derfor er inntektsnivået i landbruket sett meir og meir på spissen i debatten om dei vilkåra norske bønder jobbar under. No har vi rett og slett ikkje råd til å miste fleire matprodusentar.

Å tru at norsk landbruk for all framtid skal kunne drivast på dugnad og luftige lovnader, er mildt sagt naivt.

Og når regjeringsmedlemmene skal forhandle om budsjettet for det neste året og leggje økonomiske planar for dei neste åra, er det tre saker dei bør ha høgt oppe i bunkane sine med sakspapir, ja kanskje aller øvst:

Inntektsnivået i landbruket: Bøndene må få ein inntektsauke som tek oss eit stort steg framover allereie i år, og som bidrar til å tette inntektsgapet innan utgangen av denne stortingsperioden – samtidig som vi får kompensert kostnadsveksten, som har vore formidabel på innsatsfaktorar som gjødsel og drivstoff.

Det er eit djervt krav, men det er økonomiske krisetider i landbruket, mange av oss finansierer gardsdrifta med å ha andre jobbar i tillegg. Andre får det rett og slett ikkje til å gå rundt. Å tru at norsk landbruk for all framtid skal kunne drivast på dugnad og luftige lovnader, er mildt sagt naivt.

Slik kan vi ikkje ha det.

Velferdsordningar: I vinter skada eg handa mi da eg skulle rydde etter Gyda. Eg er sett ut av spel i tolv veker og langt inn i våronna. Som planteprodusentar har vi ikkje rett på avløysartilskot, byråkratiet som skal til for å få ut ein aldri så liten slump sjukepengar, kjennest grenselaust.

Vi har løyst dette med at kjerringa jobbar dobbelt og ungane trår til. Eg får høve til å ta att kvar einaste tapte arbeidstime og vel så det til sommaren.

Ein husdyrbonde kan berre bli litt sjuk dersom han skal unngå økonomisk krise, avløysartilskotet dekkjer ikkje arbeidshjelp i full stilling.

Ein skikkeleg ferie, som andre grupper i samfunnet har lovfesta rett til, kan vi berre drøyme om. I beste fall kan vi ha litt ferie. Og kva med det nødvendige arbeidet mange bønder må gjere i helgane? Skal vi berre ha litt fri da også?

Det er dyrt for mange kvinner i landbruket å få barn. Velferdsordningane i jordbruksavtalen er ikkje i nærleiken av å dekkje kostnadene til det arbeidsbehovet som er på garden under svangerskaps- og barselpermisjonen. Resultatet er at kvinner i landbruket som ønskjer barn, er avhengige av dugnadshjelp frå familien. Eller dei må ut i fjøsen når dei heller skulle ha vore heime med den nye verdsborgaren. Eller dei vel rett og slett eit heilt anna yrke og er tapte for landbruket.

For litt gravid er det som kjent ikkje mogleg å vere.

Slik skal vi ikkje ha det.

Investeringar: I 2034 skal alle som driv med mjølkekyr og ammekyr, ha bygd om eller bygd ny driftsbygning til lausdrift. For mange bruk rundt om i landet er dette eit svært løft. Og det er eit løft som driftsøkonomien på bruket i mange tilfelle ikkje er i stand til å bere.

Vi treng ein kraftig auke i investeringsmidlane, og dei må hentast utanfor jordbruksavtalen, også slik regjeringa har lova i Hurdalsplattforma.

Nedslitne og dårleg tilrettelagde driftsbygningar i tillegg til dårleg økonomi bidrar dessverre til at bruk blir lagde ned. Det skader sysselsetjinga, er elendig for distrikta og øydeleggjande for matberedskapen.

Slik vil vi ikkje ha det.

Det er sagt mange gonger at 2022 er eit skjebneår for landbruket. Det er ingen klisjé. Det alvor er no – både fordi hendingar i samfunnet så tydeleg har vist kor viktig landbruket er, og fordi vi har fått ei regjering som har lova å ta landbruket på alvor. Men vil vi sjå resultat. Vi som driv jorda og skaffar mat på borda, er utolmodige.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!