Russland, som landet vårt grensar mot, som vi har viktige avtalar med, som vi trudde var sivilisert, har vist seg å vere despotisk og så ille at ord kan ikkje beskrive det. Når 80 prosent av folket støttar styret i Moskva, blir det enno verre. Kan ein nokon gong stole på eit slikt land?

Blir servert løgner

Putin og krigsforbrytarane rundt han seier at dei skal overvinne nazistyret i Ukraina, men så oppfører dei seg like ille som nazistane i 2. verdskrigen. Retorikken er bestemt på førehand. Alle seier dei same løgnene. Sanning veit dei ikkje kva er. Til og med vanlege russarar trur på dei løgnene som blir serverte. Når løgner blir gjentekne mange nok gonger, blir dei oppfatta som sanne. Svart blir kvitt og kvitt blir svart. Folk sluttar å tenke sjølve, for slik er diktaturet bygt opp, og dei som ytrar tvil eller protesterer på det som leiinga seier, blir fjerna på ein eller annan måte. Tvilarar har ikkje rett til å leve.

Russiske styresmakter oppfører seg som rovdyr. Dei angrip når dei har spionert på byttet sitt og funne ut at dei kan vinne. Dei vågar ikkje å angripe der dei ikkje trur at dei kan vinne. Dei er feige slik. Russland har invadert Georgia, Tsjetsjenia og Krim og lurt til seg Kviterussland. Dei som ikkje ville gje seg meir eller mindre godvillig, vart bomba til ruin – som i Tsjetsjenia. Dei som kunne ha stoppa dei, f.eks. FN og kanskje Nato, berre såg på at byttet vart slukt. Det er noko fundamentalt feil med FN når organisasjonen ikkje kan gripe inn og hindre angrepskrigar.

Ukraina for tur

Ukraina sto for tur. Krim og Donbasregionen vart invaderte, men FN og Nato har vore naive. Putin og russarane er likevel blitt aksepterte som siviliserte i vesten og det meste av verda. Då faresignala kom som ei «militærøving» langs grensa mot Ukraina, reiste Putin rundt og testa om det var trygt å legge under seg heile landet. Det var ingen ting å frykte frå Kina. Dei lova kvarandre evig vennskap. Han hadde mange lange møte med nesten alle vestlege statsleiarar. Sjølv laug og bløffa han og fekk dei svara han var ute etter. Han kunne trygt rykke inn i Ukraina og bombe og herje utan at Nato ville gi flystøtte. Dersom Nato hadde trua med å støtte Ukraina med fly eller innført flyforbodssone over Ukraina, hadde Russland sannsynlegvis ikkje våga å angripe. Men Nato-sjefen (Stoltenberg) sa gong på gong at dei ikkje ville hjelpe på den måten.

Etter at russarane hadde fått grei beskjed om at luftterritoriet var deira, bomba dei som dei ville. Kvifor skal Nato vere så ærlege at dei seier sanninga? Russarane veit ikkje kva ærlegdom og sanning er likevel. Nato kunne ha trua og bløffa i det minste, og FN kunne ha sett inn fredsbevarande styrkar. Dei er flinke til det elles i verda når dei ikkje fryktar særleg motangrep, som i Afghanistan og Libya. Tusenvis av tragediar kunne vore unngått i Ukraina. Kvar einaste familie som må flykte eller blir ramma av død eller lemlesting i krigen, opplever det som tragedie. Dei som blir drepne, mister alt, og familiane sit att i botnlaus sorg.

Hyklersk

Seinare har vestlege leiarar og generalsekretæren i FN gong på gong snakka med Putin i timevis. Det gjer sjølvsagt inga nytte å diskutere med ein psykopat. Han ler nok rått når samtalen er avslutta. Han føler seg viktig når han kan lure alle på den måten. Europeiske land oppfører seg hyklersk. Når Norge for eksempel har importert for 3,1 milliardar kroner frå Russland i mars, og mange land i Europa held fram med å importere olje og gass som før, er det hykleri. Det same kan seiast om at landet vårt let russiske fartøy få bruke norske hamner. Ifølgje statsminister Støre og andre er samarbeidet om olje- og fiskeressursar i Barentsregionen så viktig at samarbeidet med Russland må fortsette. Det er nokså sannsynleg at russerne har lurt oss der også i alle år, eksempelvis med overfiske og bruk av ulovleg reiskap. Har dei styrande i Russland nokon gong sagt eit sant ord? Eg tviler sterkt på det, når eg høyrer alt vrøvl og løgn som dei lirer av seg.

Håper Ukraina jagar despotane ut

Demokratiet arbeider veldig sakte, og alt blir så omstendeleg i dei landa som kan hjelpe Ukraina. Om Ukraina ikkje får meir og betre hjelp straks, kan dette som skjer no bety slutten på eit demokratisk Ukraina. Det vil skje dersom russarane vinn fram med planane sine. Det blir forferdeleg for over 40 millionar menneske som lever i dette store demokratiske landet, å bli behandla som undermenneske og nedtrakka av diktaturet Russland. Må det aldri skje, og vi får håpe at Ukraina vil vinne og får jaga despotane ut. I ettertid får vi hjelpe til med å reparere dei skadane som kan reparerast, og som Zelenskyj seier: «aldri gløyme og aldri tilgi». Dette regimet i Kreml og dei som støttar invasjonskrigen, må aldri meir få respekt, men bli behandla som paria. Russland må få betale dyrt for det som dei har gjort (og kjem til å gjere) i årevis framover. Dei brukar også idrett, kunst og kultur i propagandaen sin. Dei idrettsprofilane i Russland som har gitt og gir støtte til krigføringa i Ukraina, må aldri få delta i internasjonale konkurransar meir. Dessverre vil uskuldige russarar også bli ramma, men det er også på grunn av leiarane i Kreml.

Putin og dei andre despotane i Kreml veit kva dei gjer, men kvifor vel dei å bli massemordarar? Dei har ingen gode grunnar. Det er rein djevelskap dei driv på med. Dei kjem nok til å få namna sine i historiebøkene, men ikkje på ein heiderleg plass. Dei vil få ein plass ved sida av Hitler og andre store despotar.