Med inflasjon og høge matvareprisar knuste vi alle rekordar i mai. Spørsmålet er kor godt dette er egna til å opplyse lesarane om den faktiske tilstanden i sjømatnæringa og kor nøgde vi eigentleg skal vere med eksporttala?

Heile sjømatnæringa er bygd på handel. Ei av dei store utfordringane framover blir i kva grad vi er i stand til å auke verdien av råvarene før vi eksporterer dei. Enkelt sagt; vil bearbeidinga av fisken vår skje her heime eller hos konkurrerande industri i Europa og Asia? Eksport av fisk handlar altså ikkje berre om eksport av fisk, men like mykje om kva vi eksporterer; kva vi får ut av ressursane i havet.

Verdifullt rest-råstoff

85 prosent av laksen vår blir eksportert med "haud og hale". Ja, det er gode råvareprisar no, og laksen er det som mest av alt skaper eksportrekordane. Men vi har for alle praktiske formål gjort oss til ein råvareeksportør. Vi forsyner industrien i andre land med råvarene våre, med verdiskaping, arbeidsplassar, ringverknadar og ikkje minste enorme kvanta med stadig meir verdifullt rest-råstoff (avskjer).

Manglande og dårlege handelsavtaler gjer at vi er i ferd med å bli utkonkurrert i ei rekke store marknader.

Rekordhøge kvotar

Torsken, berebjelken i villfisknæringa har dei siste 10 åra gitt oss rekordhøge kvotar. Korleis har vi utnytta dette? Jau, vi har auka eksporten av sløgd og hovudkappa fisk, både fersk og fryst. Vi driv logistikk i stor skala og stor fart, der tilgangen på isoporkasser og is er det som bestemmer eksporttempoet.

Sintef har sett på kor mange årsverk i fiskeindustrien i EU som er direkte knytt til norsk fisk. Studien viser at i 2012 var 11-12.000 årsverk direkte knytt til import av norske råvarer. I 2018 var dette auka til 21.000 årsverk. Det er det doble av talet på årsverk i fiskeindustrien her i landet.

Fisken gir aktivitet

Dette bør engasjere oss alle. For fiskeindustrien i fylket handlar dette om marginar, sysselsetjing og heilårlege og attraktive arbeidsplassar. For annan industri i distriktet handlar det om tenesteyting og utstyrsleveransar. For samfunnet handlar det forvaltning av ressursar som tilhøyrer fellesskapet. Den beste måten å forvalte dette eigarskapet på bør vere gjennom å sikre at fisken gir aktivitet og trygge arbeidsplassar.

Det er fullt mogeleg å bearbeide ein større andel av råstoffet i Norge. Det vil gi grunnlag for verdiauke og aktivitet. Dette vil krevje større politisk merksemd og prioritering av dei utfordringane fiskeindustrien og eksportørane står overfor. Media si dekning av eksportsuksessen skygger for denne politiske utfordringa og skapar eit bilete av ei næring som "går av seg sjølv".

I ferd med å bli utkonkurrert

Manglande og dårlege handelsavtaler gjer at vi er i ferd med å bli utkonkurrert i ei rekke store marknader. Norge blir gjort til ein råvareleverandør som forsyner andre land med innsatsvarer og vi let eit stort verdiskapingspotensial gå frå oss. Det er styresmaktene si oppgåve å sørge for at vi har gode eksportvilkår for varene våre. Her har sjømatnasjonen Norge forsømt seg kraftig. Vi blir effektivt utestengt med produkta våre både i Europa og i andre store marknader. I særleg grad blir bearbeida produkt ramma.

Sjømatnæringa har over år opplevd manglande satsing frå norske styresmakter når det gjeld å halde ved like og betre handelsvilkåra for sjømat. I desse dagar er det innleia nye forhandlingar mellom Norge og EU om betra marknadstilgang for fisk og marine produkt frå Norge. Klarer vi heller ikkje denne gongen å forhandle ned tollbarrierane vil vi halde fram med å skape fleire arbeidsplassar i EU. Regjeringa har her ein gyllen sjanse til å vise at prioriteringa av sjønæringa er meir enn fine festtalar.