I byrjinga av april kunne det bli storstreik. Rett før dei siste timane i meklinga varsla Fellesforbundet ei raskare og større opptrapping enn det som er vanleg før ein eventuell streik. Det var ikkje løn aleine som gjorde forhandlinga vanskeleg.

Det som var mest krevjande, var kravet om kompetanseheving. Partane klarte ikkje løyse dette sjølve. Regjeringa måtte inn og love tiltak.

Kravet om kompetanseheving handlar ikkje om at ein er dårleg i faget sitt. Tvert imot. Det handlar om at ein er stolte av yrke, fag og jobb, og vil utvikle seg og arbeidsplassen sin vidare. Gjennom etter- og vidareutdanning får ein nye verktøy, erfaringar og refleksjonar knytt til eigen praksis.

Personleg har eg opplevd verdien av kompetanseheving frå fleire perspektiv. Eg har undervist matematikklærarar i grunnskulen. Det å sjå fleire lærarar saman reflektere over eigen praksis opp mot forsking, teori og konkrete døme, og få støtte dei i utviklinga av eiga lærargjerning, er noko av mest givande eg gjer.

Som høgskule har vi gleda av å gi av vår kunnskap og samtidig lære av dyktige profesjonsutøvarar. Forskinga og utviklingsarbeidet vårt endrar praksis, inspirerer og gjer at fleire elevar meistrar matematikk.

Frå dei ulike fagmiljøa på Høgskulen i Volda (HVO), høyrer eg kollegaene mine fortelje om studiereiser, gjesteopphald, vidareutdanning, doktorgradskurs og seminar dei har delteke på. Både administrativt og vitskaplege tilsette har høve til å lære og utvikle seg, og deler ny erfaring og kunnskap med kvarandre.

HVO er noko langt meir enn eit statleg forvaltningsorgan. Vi er eit fellesskap av nysgjerrige folk. Vi held oss oppdatert på fag og funksjonar og nyttar variasjonen av røynsler og kunnskap som bur i organisasjonen.

Når noko så positivt som kompetanseheving kan føre til streik, er det verdt å reflektere over kva som kan vere problematisk. Det handlar ofte om pengar. På HVO har vi stipend for forsking og utvikling, og fleire avdelingar og seksjonar bruker av budsjetta sine til å oppdatere éin eller fleire tilsette gjennom reisestøtte, litteraturkjøp, kursavgifter og anna.

Kompetanseheving krev tid og pengar, både for arbeidsgjevar og arbeidstakar. Det er ofte verdt det, men på kort sikt kan det vere vanskeleg å prioritere. Derfor har staten store ordningar for vidareutdanning av lærarar, og i lønsoppgjeret blei det lova ei form for ordning for industrisektoren. Mange arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonar har også eigne kompetansefond i tillegg.

Veldig mange av studentane ved HVO tek vidareutdanning. Dei bygger på kompetansen sin med studium. Nokre får alt dekt, og andre får til dømes dekt reise eller permisjon med løn til eksamen.

Sjølv tek eg vidareutdanning ved NTNU. Det er nyttig for meg å vere student på ein annan institusjon samstundes som eg er i leiinga ved HVO. Å vere student er ei viktig og god erfaring i seg sjølv, og ei ekstra verdifull erfaring når eg leiar ein utdanningsinstitusjon. Eg tek utdanning i leiing av offentleg sektor.

Eg er heldig på fleire vis. Studiet er gratis, og verken HVO eller eg treng betale studieavgift. Eg får dekt reise og opphald på studiet av HVO som arbeidsgivar. I teorien kan eg også arbeide noko med studia i arbeidstida, men til liks med mange andre som tek vidareutdanning, går mange av kveldane og helgene mine med til å lese og skrive ved kjøkkenbordet.

På studiet møter eg andre leiarar frå offentleg sektor med anna leiarerfaring enn meg. Røynde leiarar frå ulike delar av offentleg forvalting, som t.d. kriminalomsorg, politi og helsesektoren, deler kunnskap og reflekterer over erfaringane i lys av teori og forsking.

Deltakarar på vidareutdanning bygg kompetanse saman og bidreg til å utvikle både arbeidsplassane og seg sjølv. Dette er også noko av det som gjorde etter- og vidareutdanning til ein viktig del av lønsforhandlingane i byrjinga av april.

Høgskulen i Volda har høg kompetanse på viktige område for offentleg sektor. Vi er særleg sterke på lærarutdanning og skuleutvikling, inkludert faga i skulen, som HVO nett har fått godkjent doktorgradsutdanning for. Vi er også svært sterke innan helse- og sosialfag, samfunnsplanlegging og leiing. Kvifor er dette styrkar ved HVO? Fordi vi driv kontinuerleg kompetanseutvikling i alle ledd i organisasjonen.

Vi har også kunnskap som er viktig for privat sektor, innan mediefag, kulturfaga og for så vidt med den kompetansen vi har i fag og profesjonar frå offentleg sektor. HVO arbeider no med ein etter- og vidareutdanningsstrategi, der vi har som mål å gjere emne tilgjengeleg for folk som er i arbeidslivet, og å skape kontaktflater mellom engasjerte studentar og erfarne profesjonsutøvarar. Vi ser fram til å utvikle nye tilbod for framtida i tråd med etterspurnad i arbeidslivet.

Høgskulen i Volda er avhengig av at offentleg sektor satsar på kompetanseheving. Dét er også samfunnet avhengig av. Ein offentleg sektor som ikkje opnar seg mot verda, ny kunnskap og andre fagmiljø, stagnerer. Det har offentleg sektor skjønt – derfor blir det satsa på kompetanseheving, leiarutvikling og vidareutdanning.

Partane i arbeidslivet, både arbeidsgjevarar og arbeidstakarorganisasjonane, har også skjønt det. Etter- og vidareutdanning er viktig for å saman utvikle eit betre samfunn.