Lite er så underkommunisert i helsevesenet og samfunnet som rehabilitering. For den einskilde, som helse, og som sosioøkonomisk berekraftsmål. Kort konsultasjon hjå spesialist, poliklinisk behandling, få liggedøgn og lita eller ingen tid til rehabilitering er strukturen. Det måtte nødvendigvis bli slik som ein konsekvens av omorganisering av spesialisthelse-tenesta og nedskjering av «liggedagar». Mantraet vart å satse på rehabilitering, men utanfor sjukehus.

Det er eit av helsevesenet sine aller viktigaste berekraftige målsettingar i framtida, få folk i gang igjen.

Uansett alder og kjønn er det etter ein har vore ramma på ein eller annan måte behov for rehabilitering, fram mot ny ståstad. Eg seier dette, for eg har som intensivsjukepleiar arbeidd med «ramma menneskje» ein mannsalder. Når det begynte å snike seg inn at rehabilitering kan verte salderingspost, veit eg ikkje. Rehabilitering er den mest samfunnsnyttige og lønsame delen av alle helsetiltak, vi kan alle bli ramma ein eller annan gong på ulik måte. Antakeleg vert vi det.

Vinn eller forsvinn

Rehabilitering er vinn eller forsvinn, enten det gjeld inn i arbeidslivet, klare seg sjølv, ta utdanning, vere frivillig, omskolerast, lære å gå, fungere, lære på nytt daglegdagse krav for å klare seg (ADL activity daily life), lære å springe, lære balanse, lære å snakke, gå i butikken. Lære å symje att, få styrkje i kroppen igjen, gå på kulturelle arrangement. Gå på fotballkamp. Kaste krykkene, gjere seg forstått, flytte gåturen frå tredemølla ut på stiane, vegane, fjellet, trekke inn fjordluft til neste tørn trening. Det jobbast. Det krev. Det svir i låra, det verke i hovudet, balansen er ugrei, men eg SKAL, eg SKAL klare det. Men ikkje åleine, neppe åleine, nei, å rehabilitere kropp og sinn er teamarbeid, det står mykje på spel.

Iallfall har eg erfaring frå traumatologien, ulykker/trafikkulykker, medisinsk avdeling, hjerneslag, hjarteinfarkt, cellegift, brannskade, hjarteopererte, infeksjonssjukdomar med uventa forløp, born, unge, vaksne. Kvar og ein av oss på veg inn i ein situasjon og vi veit ikkje korleis vi er når vi kjem «ut» på den andre sida, ferdig behandla frå spesialist, (takk spesialist). Det er då kampen om eit liv tek til, bitane i meg som er falle ned skal plukkast opp og bli til heilskap. Krumme nakken og innstille meg på hard jobbing, teamjobbing. Det er ikkje slik at vi kan fare rundt frå kontor til kontor, frå institusjon til institusjon i ei rehabiliteringsfase. Det må vere samla, intensivt, kontinuitet, ha ein plan, eit mål, kreftene må rettast inn på fokus om rehabilitering. Fagekspertise, totalpakke for meg, for deg, individuelt tilpassa. Over år er eit fagmiljø/ fagekspertise opparbeidd, kortreist for klientane og billig for samfunnet. Ei ekspertklynge som gjennom å ha kvalitetssikra tilbod kvalifisert seg til å levere det beste av det beste. Mork rehabiliteringssenter.

Allereie overfylt sjukehus

Så korleis i all verda kjem tanken inn om at Mork rehabiliteringssenter skal flyttast til eit allereie overfylt sjukehus. Hæ? Med korridorpasientar, med ventelister på poliklinikkar, timeavtaler som ytterleg blir utsett … før jul ein gong … kanskje til sommaren. Med sommarstengde avdelingar, femdagars poster. Korleis? Og kor mange plassar dett bort på vegen gjennom Vartdalsstranda … kor mange vert sitjande att for det er dessverre fullt, igjen.

Allereie no er det altfor mange som vert sitjande att, som skulle hatt tilbodet om rehabilitering, som aldri lærte seg å gå skikkeleg igjen, eller fekk ADL -hjelp, eller brukt potensial sitt. Difor er det uforståeleg at Helse Møre og Romsdal kan flagge slik uforstand sett i eit samfunnsperspektiv som råka den einskilde.

Eit velfungerande tilbod

Ein liten time med spesialist, kort liggetid på sjukehus, slik er det lagt opp. Og det er dyrt å vere for mange timar innan spesialisthelseteneste. Kvar og ein må fortast mogleg inn i eit rehabiliteringsløp, eit team for å bygge helse vidare etter spesialisten er ferdig. Slik er det, og vi veit det. Og så vert vi sitjande att på dørstokken.

Ikkje bra i det heile, Helse Møre og Romsdal, ikkje bra å byggje ned eksisterande, velfungerande tilbod når eg/du er knallmotivert og klar til rehabilitering og teamarbeid. Snublande ut frå spesialisten, med tøflane og plastposen i handa, spenna klar til rehabilitering. Ikkje bra i det heile at Mork rehabiliteringssenter vert lagt ned.

Aldri vert vegen til godstolen kortare. Det kunne bli: Aldri har godstolen vore lenger vekke, no skal det jobbast, folkens, teamarbeid for alle pengane for å ta tilbake livet mitt, ta til på gjenoppbygginga av livet. Spesialisten har gjort sitt, no er det teamarbeid med rehabiliteringsteamet som gjeld. Yes. Det er og blir fullstendig uforståeleg at denne delen av behandlinga skal bort, at det topp kvalifiserte teamet på Mork rehabiliteringssenter bygd opp gjennom tiår etter tiår berre skal fordufte.

Ingen kan rehabiliterast ved å tilbringe 22 timar på sjukehotell .Du treng enkelt og lett tilgjengelig tilgang på treningsrom. Og natur, langt frå forstyrrende trafikk, bilar og støy. Natur, tilrettelagte gangvegar for å prøve seg ute, få livslyst.

Korleis kan nokon i det heile tatt kome på den tanken, og attpåtil flagge den? Nei, dette er ikkje liv laga for nokon. I alle fall må det byggjast ut fleire titals sengeplassar om denne ordninga skal reverserast tilbake til gamle dagar og rehabilitering «skal gå føre seg på sjukehusa». For tilbod om rehabilitering samansett av tverrfaglege team skal vi ha, må vi ha. Det er eit av helsevesenet sine aller viktigaste berekraftige målsettingar i framtida, få folk i gang igjen.