For nokre veker sidan overleverte dekan ved NTNU og leiar av Maritim21, Ingrid Schølberg, eit 100-sider langt dokument til fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran. Dokumentet gjer greie for korleis Noreg skal ta ein leiande posisjon i det grøne skiftet og vere ein verdsleiande maritim nasjon i 2030.

Næringsnært samarbeid

Utfordringa og moglegheitsrommet finn vi i Maritim21-strategien. Vi er eit lite land. Men vi er ein kystnasjon med verdas nest lengste kystline og er heilt avhengig av sjøfart og havbasert industri.

Her på Sunnmøre lever vi både ved, på og av havet. Dekan Schølberg uttala i Sunnmørsposten at «no er kursen staka ut» og her ved NTNU i Ålesund svarar vi at «vi er på rett kurs». Vi har alle verktøy i kassa vår på Campus, og med vårt næringsnære samarbeid med den maritime næringa er det berre å setje i gong.

Maritim utdanning på alle nivå

Strategien utfordrar oss på å vidareutvikle maritim utdanning på alle nivå, og særleg innan dei maritime profesjonsutdanningane. Det gjeld frå vidaregåande skule og fagskular til bachelor,- master – og ph.d.- program på høgskular og universitet. I tillegg har vi fleire etter- og vidareutdanningsløp. På Campus Ålesund finn vi dei alle saman i ei kompetanseklynge som arbeider på tvers av verksemder og institutt.

Nyleg deltok eg på Haramskonferansen og var invitert til å sitje i panelet som drøfta korleis leggje til rette for næringsnær utdanning i tråd med det næringane treng. Dette er ein relevant debatt sett opp mot føresetnaden som strategien legg til grunn, og kor utdanningsinstitusjonane må samarbeide tett med aktørane i næringa for å sikre at utdanningstilbodet blir utvikla i tråd med deira behov.

Feltlaboratorium

Campus Ålesund vert sett på som ein av dei mest næringsnære campusane i landet, tett på den maritime næringa og tett på havet. Ved NTNU i Ålesund står innovasjon heilt sentralt i forskinga vår. Vi har verdsleiande fagmiljø innan digital teknologi, havteknologi, maritime energisystem og lovverk. På slutten av fjoråret fekk vi mellom anna friske forskingsmidlar til Møre Ocean Lab, med etablering av eit feltlaboratorium for forsking på utvikling av maritim teknologi. Dette gir oss moglegheiter for overvaking av havet. Ved sida av å vere tett på næringslivet på campus er vi også tett på havet og dei moglegheitene dette gjev oss til å teste forskinga under reelle høve. Dette er næringsrelevant og kopla til etableringa av Ocean Space-senteret som er viktig for oss.

Eit anna prioritert strategiområde er «Maritim 4.0», der ein gjennom digitale løysingar skal auke innovasjonsevna og effektiviteten i dei maritime verdikjedene som skal påskunde og forsterke det grøne skiftet. Her er vi allereie godt i gang, der mellom anna våre nautikkstudentar testar sine praktiske ferdigheiter om bord i skipet Gunnerus sin digitale tvilling. Denne teknologien kan revolusjonere måten maritime operasjonar blir gjennomført på i framtida – og vi er allereie om bord.

Verktøya finst

Krava og forventningane til å lukkast som føregangsland med potensialet i utvikling av grøn skipsfart og digitale løysingar, møter oss allereie i dag. I tillegg så aukar presset på olje og gassindustrien, noko som utfordrar oss til å tenkje nytt og. Vi er ein oljenasjon, men først og fremst er vi ein havnasjon med store moglegheiter for å auke verdiskapinga og skape nye arbeidsplassar, samstundes som vår forsking, utvikling og innovasjon bidreg til berekraftig vekst og auka konkurranseevne som nasjon.

Schølberg sa ho var optimistisk og at det er fullt mogleg å gjennomføre strategien og å ta ein verdsleiande posisjon til det beste for kloden og for sjøfartsnasjonen Noreg. Vi ved NTNU er klare til å utdanne framtida sine innovatørar for den maritime næringa. Mange av dei verktøya som fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran treng for å realisere sin strategi, finst allereie på Campus Ålesund og i regionen. Vi er klare for å fylgje kursen som er staka ut.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!