Det kan bli ståande i historiebøkene som ein blåmåndag, eller det kan bli hugsa som ein festdag.

Lagnaden til den prestisjetunge UNESCO statusen ligg i hendene til våre fremste folkevalde på Stortinget og i regjeringa. Det er difor knytt stor spenning til kva dei vil svare når dei møtest til politisk mannjamning om kulturlandskapet si framtid i Geiranger.

Bakteppe for konferansen i Geiranger er frykta for at område i Stranda og Norddal og tilsvarande område lengre sør på Vestlandet kan bli strokne frå den prestisjetunge UNESCO lista over verdas naturarv.

Arne Sandnes.

Årsaka til frykta er at nasjonalstaten Noreg ikkje oppfyller nødvendige krav for å sikre verdsarvverdiane. Dette er djupt alvorleg. Om arven skulle gå tapt, vil det vere svært uheldig for Noregs omdøme og ikkje minst skadeleg for reiselivsnæringa som marknadsfører verdsarven som ei sterk merkevare. Det store problemet no er attgroing av kulturlandskapet på grunn av mindre beiting.

Verdsarvrådet, som er samansett av ordførarar og fylkesmenn frå tre fylke har ropt eit varsku lenge utan å møte forståing frå regjeringskvartalet og Løvebakken.

Invitasjon til møte og synfaringar vert høfleg avviste. Slik og til denne konferansen. Dei to statsrådane som er inviterte, har begge takka nei til å kome til Geiranger. Sett med Oslo-briller synest attgroinga å vere eit ikkje-problem.

For oss som jobbar med verdsarven lokalt og regionalt, gir den manglande interessa for attgroingsproblematikken hjå sentrale styresmakter grunn til bekymring.

Krattskogen er på rask frammarsj og i ferd med å skjule fara etter folk. Sjølv om fjordane er skildra som nokre av dei vakraste på kloden, var det ikkje skaparverket åleine som sikra oss verdsarvstatusen i 2005.

Det finst nemleg fjordar både i Chile, på New Zealand og i Canada/USA som er fullt på høgde med våre fjordar målt i naturvenleik. Difor vart det og ein diskusjon på kongressen i Durban i 2005 om det var rett å ta inn endå fleire vakre fjordar.

Det som til slutt gjorde at båten bar for oss, var den kulturelle og historiske meirverdien som fara etter folk representerer. Det vart sett på som unikt og veldig spesielt.

Kulturlandskapet i verdsarvfjordane er eit vitnesbyrd om det historiske samspelet mellom menneske, dyr og natur. Det vitnar og om respekt for tolegrenser som vart praktisert lenge før ordet berekraft kom inn i ordbøkene.

Alle dei som braut jord, rydda skog og levde livet i fattigdom og fonnfare ligg i dag på kyrkjegardane utan heiderleg omtale og gullmedalje.

Det er likevel desse vi har å takke for det biologiske mangfaldet på setestølane, grindløene, kvelvingsbruene, slåtteteigane og kunstferdig oppmura steingjerde.

Alt dei gjorde var økologisk og berekraftig. Det er summen av desse kulturminna som utgjer det vi i dag kallar kulturlandskap.

Det fortel ei historie frå ei svunnen tid – om slit og forsaking, men og om glede og takksemd over å «kome seg i gjønå» – mot alle odds.

Gjennom kulturlandskapet har historia om desse kvardagsheltane blitt ein del av verdsarven. No er denne delen av arven truga.

På konferansen i Geiranger komande neste veke, er det framtida for denne delen av verdsarven politikarane skal diskutere: Er kulturlandskapet i verdsarvområdet verdt å ta vare på, eller skal vi tillate at det gror att?

Hittil har det vore vist liten vilje frå sentrale styresmakter til å stoppe attgroinga. Difor er det knytt stor spenning til om dei nye politikarane som skal veljast inn på Stortinget frå mellom anna Møre og Romsdal til hausten, vil hjelpe oss å løfte fram saka. Det kan vere no eller aldri.

Klokka er fem på tolv. Kua er utrydda i Geiranger og smalen lever og farleg. I nabobygder som Eidsdal og Norddal er det usikkert med rekrutteringa på mange gardsbruk.

Skulle vi få tommelen ned, vil det vere ei ulykke og eit svik mot dei som har vore faneberar til no, dvs. Storfjordens venner. Det finst inga unnskyldning for ikkje å handle no!

Som verdas rikaste land, har Noreg ressursane som trengst for å møte utfordringa med attgroing. Dessutan er diagnosen stilt og medisinen den finst. Ein vitskapleg studie (2003) slår fast at einaste rådgjerda for å bremse attgroinga er å «vidareføre eit småskala landbruk basert på husdyrhald».

14 år er gått sidan rapporten vart presentert. Noko har skjedd, men ikkje nok til å stoppe ei dramatisk attgroing. Langt sterkare lut må no til. Medisinen er prøvd ut i Sveits og Austerrike. Det er land som har mykje til felles med Noreg. Der er landbruket definert som eit verkemiddel for å nå mål. Eit overordna mål er å gjere landskapet vakkert og innbydande for turistane. Mykje av statsstøtta er produksjonsuavhengig. Det er driftsulempene som vert kompenserte gjennom støtteordningar. I Sveist er vakre landskap så viktig for turistnæringa at landbruket er grunnlovsfesta.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Sveits og Austerrike satsar småskala husdyrbruk mykje for turismen si skuld.

Slik kan og bør vi og tenkje. Ikkje berre fordi det vil løne seg, men og fordi Noreg har teke på seg eit ansvar for å verne om ein global arv.

Difor må vi leggje press på sentrale styresmakter med tanke på å få utvikle ein norsk versjon av suksessoppskrifta frå Alpelanda. Det må etablerast eit nytt tiltaksregime som kan berge kulturlandskapet og verdsarven, samtidig som det kan stimulere reiselivsnæringa.

I tillegg vil den kunne sikre den faste busettinga gjennom utvikling av ein ny type landbruk basert på økologisk og berekraftig bruk. Nedslagsfeltet for eit slikt prosjekt må ta utgangspunkt i verdsarvbygdene, men og kunne utvidast til randsoner.

I nordområdet for Vestnorske fjordlandskap vil det vere heilt naturleg å inkludere heile bygdene Eidsdal, Norddal og Fjørå i virkeområdet, på same måte som Geiranger og Ljøen er det i dag.

Les flere innlegg på smp.no!