Det er tre år sidan mitt eige kull gjekk ut, og mange jamaldringar er no ferdig med bachelor. Eg har brukt 6 år på noko som eigentleg skulle tatt 3år, men eg brukte dobbelt så lang tid.

Her er litt av mi historie: Eg gjekk halve ungdomsskulen før eg fekk ME som 14-åring. Eg gjekk ut av ungdomsskulen utan karaktergrunnlag. Starta Vg 1 (skuleåret 2016-2017) på 100 prosent første halvåret, for å vere lik som alle andre. I mars møtte eg "veggen", og måtte dermed ta førsteåret over to år og vart då ferdig med det i 2018. Eg pusha meg igjen for å klare Vg 2 på eitt år (skuleåret 2018-2019), og klarte å gjennomføre Vg 2, men var totalt utsliten og klarte ikkje starte på igjen på Vg 3 (skuleåret 2019-2020), og måtte gi tapt etter få veker. Eg måtte ta pause eitt år for å hente meg inn igjen. Ikkje klarte eg å ta noko jobb det året, heller. Eg var heilt utslått, og kvardagen vart nok. Det vart eit nytt forsøk på Vg3 skuleåret 2020-2021, der eg tok 50 % av faga det året, og siste 50 % av faga dette skuleåret 2021-2022, som vi akkurat er ferdige med.

Det er ufatteleg tøft å dette ut av eige kull, fordi helsa gjer at ein ikkje strekk til.

Ikkje alle når måla

Folk er fantastiske og råsterke, som når sine mål. Men i dag tenker eg på dei som faktisk ikkje klare å nå sine mål, eller som slit med, og jobbar kjempehardt for å nå sine mål.

Eg tenker mellom anna på dei som kanskje ikkje har foreldre til å skryte av seg på sosiale medium, i desse dagar. Dei som ikkje har klart å fullføre ungdomsskule eller Vgs, dei som kanskje ikkje har nokon rundt seg til å hjelpe og støtte. Og dei som slit med å bestå fag, om og om igjen. Det e mange av dei også. Det er så viktig å sjå alle. Alle vil bli sett. Alle er like mykje verdt! Men, ikkje alle føler det slik. Men, alle må sjå korleis medstudentar får skryt. Det hagler av det på sosiale medium for tida. Eg har så mange gonger i løpet av dei siste åra vore nær ved å ikkje klare å halde meg på skulebenken heile løpet igjennom. Men eg klarte det, til slutt. Eg har kjent så mange gonger på redselen eller bekymringa for å ikkje klare fullføre, medan eg har arbeidd for å kome meg gjennom dette. Derfor tenker eg ekstra mykje på dette no.

Mine tankar går derfor i dag til alle dei som gjer så godt dei kan, men framleis ikkje når opp til dei høge krava verda har sett for dei. Det er mange som ikkje blir sett eller høyrd, som har vanskar i skulen. Og hjelp innan psykisk helse er ekstremt nedprioritert ved mange skular. Ja, det er store skilnader mellom skulane på dette feltet. Det skremmer meg.

Ungdom må takast på alvor

Eg har møtt godhjarta lærarar som har vore tilgjengelege, vore der for meg, nesten når som helst, støtta meg, sett meg og har lagt til rette for meg, for at eg skal få det best mogleg. Men – eg har også, dessverre, møtt dei som verkeleg har vist at dei ikkje har villa meg godt. Dei som har gjort vegen vanskelegare enn nødvendig, og som ikkje har vist vilje til å samarbeide. Det finst lærarar av «gamlesorten» som overhovud ikkje er engasjert i å løfte ungdom fram, men heller fortel oss direkte at «ungdomar no til dags, interesserer seg ikkje for noko». Eg har møtt ulike "vaksne" i løpet av dei siste seks åra, som på sine måtar har gjort skulen vanskelegare å fullføre. Eg har lært mykje om meg sjølv, om vaksne som manglar forståing og om ungdom som treng å bli sett. Mykje meir enn dei blir. Ungdom MÅ takast meir på alvor!

Eg har innsett at det ikkje nyttar å samanlikne seg med andre, men det har teke lang tid å innsjå dette. Mykje prøving og feiling. Det er krevjande å innsjå at ein ikkje klarer ting på same måte eller i likt tempo som andre, at ein må henge etter på grunn av helse. Det er ufatteleg tøft å dette ut av eige kull, fordi helsa gjer at ein ikkje strekk til.

Ulike livssituasjonar

Vi er så ulike, og vi har ulike mål. Motivasjonen påverkar oss, psykisk og fysisk helse, ulikt syn på ting og vi har ulike vanskar. På same tid er alle også i ulike livssituasjonar.

Eg synest det har vore vanskeleg å bli forstått i skulen, i det sosiale på fritida og generelt i kvardagen. Av både venna og vaksne menneske. Det er ikkje berre- berre å ha ein sjukdom som ikkje visast på utsida. Det er absolutt ikkje alle som har forstått at eg ikkje har nok energi, eller at eg må prioritere å fordele energien min. Kjekke ting og kjedelege ting tek like mykje energi. Det er veldig vanskeleg å forstå for mange, som ikkje har opplevd det sjølv.

Kvardagspraten

I 2014 fekk eg ME, og slit enno i 2022. Eg arbeider framleis, den dag i dag, med å bli kjent med meg sjølv, korleis eg skal balansere energien og med å finne måtar eg kan klare å oppnå det eg vil. Nå mine mål. På grunn av helsa har eg måtta brukt meir tid, og det har eg innsett. Men, eg ser so mange som slit, og som SKAL fullføre Vgs på "normaltid". Plis! Få det inn i kvardagspraten rundt middagsbordet, og i skulen, at ein ikkje alltid må gjere som alle andre. At ein heller ikkje er mislykka om ein ikkje strekk til mot dei høge krava som verda stiller for oss ungdommar.

Livet er individuelt, det finst ingen fasit på korleis du skal nå dine mål. Måla er dine og livet ditt er det du som skal leve.