12. mai 1885 gjorde Stortinget eit vedtak som framleis held mål, det såkalla jamstellingsvedtaket: «Regjeringen anmodes om at træffe fornøden Forføining til, at det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog». Det var 78 stortingsrepresentantar frå Venstre og 31 stortingsrepresentantar frå Høgre som røysta mot. Det var eit dristig vedtak, men det har halde mål heilt inn i notida. Den gongen var det svært få som hadde teke i bruk det nye skriftspråket nynorsk. Vedtaket førte til at landsmål, det seinare nynorsk, vart eit offisielt skriftspråk i Noreg.

Knyter folk saman

Det er få organisasjonar som har personnamn i prinsipprogrammet sitt. Noregs Mållag vedtok nytt program på landsmøtet i april i år. I grunnlaget for programmet står det: «Ivar Aasen bygde det nynorske skriftspråket på dei norske dialektane for å gje alle tilgang til skriftkulturen og høve til å ta del i folkestyre og samfunnsliv». Takk Ivar Aasen!

Visste du forresten at det nynorske synonymet for dialekt er målføre, ikkje målform eller språk? Nynorsk er eit språk, eit skriftspråk. Få snakkar normalisert nynorsk. Det finst neppe to menneske på jorda som snakkar heilt likt. Kvar av oss har vår eigen stil, enten i ordval, uttale eller tonefall. Språket er med på å gi oss ein identitet som også knyter folk saman. Denne retten vert organisert og verna om mellom anna av Noregs Mållag, med 15483 medlemmer, og dei mange mållaga våre. Nynorskdagen og jamstellingsvedtaket er viktige nasjonale markeringar for denne retten. Eit levande språk er eit språk i bruk. Skriv meir nynorsk!

Alle kan lære

Nynorsken byggjer som nemnt på dei norske talemåla, og det gjeld setningsbygnaden like mykje som grammatikken og ordtilfanget. Når vi skriv nynorsk, bør vi difor tenkje på korleis vi ville ordlagt oss munnleg. Det tyder ikkje at vi skal skrive nøyaktig slik vi snakkar, men at den munnlege uttrykksmåten – det vi ville sagt – skal vere mønster for det vi skriv.

Alle kan lære nynorsk i skulen. I barnehagen kan borna gjennom tilpassa munnleg språkbruk og lesing av nynorsk litteratur førebuast til å verte gode nynorskbrukarar i skulen, – og seinare.

Det er vanskeleg å pugge seg til god nynorsk. Du skriv ikkje nødvendigvis betre nynorsk om du puggar nynorske verb til du kan dei som ein annan gangetabell. Det er fortalt om elevar som skriv sidemålsoppgåvene sine først på bokmål for så å bruke ordlista eller retteprogram for å setje om til nynorsk. Dette kan aldri få fram godt språk.

Postkort på nynorsk

Nynorsk kan brukast i alle samanhengar. Historisk sett tok det tid før landsmålet fekk innpass i kyrkjelege handlingar, men elles har nynorsk langt på veg funne ein målretta funksjon i samfunnslivet og skaper stadig meir jamstelling i norsk språkbruk. Her kan det til dømes visast til å folk flest fortener eit høve til å velje nynorsk også på postkort. Eit utval av kort frå eiga samling kan her formidlast med døme på slik nynorsk teksting eller som framhjelp av nynorsk språkbruk. Det skal ikkje alltid så mykje til, men dette er også ein medviten språkbruk mellom sender og mottakar. Ein vil gjerne stå for noko som språkbrukar. Då kan postkort også ha noko å fortelje, – både på nynorskdagen og elles i året.