Dette skjer samtidig som Staten med høge og stigande priser på gass o.l. til utlandet håvar inn pengar som aldri før. Media synest å vere samstemte om at krisa rammar hardast dei som har minst frå før. Eg har ikkje registrert at nokon har sagt seg ueinig i det. Dei som har lita inntekt og ikkje har pengar i banken er ille ute. Debattprogram på fjernsynet har på ein god måte sett fokus på kor prekært det kan vere for mange familiar.

Også mange som tidlegare har hatt inntekter som dei klarte seg bra med, har fått utfordringar.

Inflasjon og innskotsrenter i bank

I mange år har bankane sine renter på innskot vore svært lave. Ein skal ikkje leite lenge for å finne bankar som har betalt renter som innskytarane har tapt pengar på i årevis. Kundane har likevel blitt skattlagt for den nominelle rentegevinsten! Er det nokon som kan hugse at media har fokusert på det?

Eg har sett gjennom å prislistene for innskot i ein av bankane dei siste åra. For innskudd på langsiktig plasseringskonto sommaren 2020 betalte banken 0,45 % p.a. for beløp mellom kr 250.000 og kr 999.999. Den planlagde prisauken som Noregs Bank hadde sikta på var i nivået 2,0 til 2,5 prosent. Altså kraftig negativ realrente. Altså: Tap på kundane sine på sparepengar!

Hausten 2021 var rentesatsen for nemnde beløp på plasseringskonto 0,10 % p.a. Den nominelle renteinntekta blei «sjølvsagt» skattlagt, mens kundane fekk tap. Dei reelle tapa rammar ikkje minst pensjonistane. Dei som har vore forsiktige og lagt seg opp ein reserve mot slutten av arbeidslivet, har med den praktiserte politikken ført til tap for dei som har minst. Og det etter eit villa og planlagt opplegg frå dei styrande i samarbeid med Noregs Bank!

Med eit mål for inflasjonen på 2-2,5% kvart år, har dei lave innskotsrentene ført til ei generell utarming av mange eldre. Beskjedne pensjonsreguleringar har heller ikkje vore til hjelp for dei som treng det mest.

Konsumprisindeksen steig 6,5 % frå august 2021 til 6,5 i august 2022. Ein inflasjon på dette nivået legg stadig nye steinar på børa for ei stor gruppe av dei eldre med dårleg regulerte pensjonar. I 2022 blei rentene i prislista for plasseringskonto sett opp. I lista som eg har referert til for innskot kr 500.000 – kr 999.999 blei rentesatsen sett til 0,35 p.a. i februar. Renta auka ytterlegare utover året og var på 2,20 % p.a. i slutten av desember. Auken var ein konsekvens av at Noregs Bank stegvis sette opp styringsrenta for lån til bankane. Mange meiner nok at auka i styringsrenta kom i seinaste laget.

Inflasjon og lånerenter i bankane

I avisene, radio, fjernsyn og andre media har auken i rentene på lån blitt vist stor merksemd siste året. Dette i sterk kontrast til media sine reaksjonar og omtale av den svært lave innskottsrenta som bankane har betalt sine innskytarar i mange år.

Noregs Bank si styringsrente er den prisen bankane betaler for lån i Noregs Bank, og er hovudgrunnlaget for fastsetting av bankane sine renter for lån til kundane. Styringsrenta blei i 2022 sett gradvis opp gjennom året. Siste steget kom 15. desember 2022 med 0,25 prosenteiningar til 2,75 prosent. Media har fokusert mykje på auken, sjølvsagt på grunn av konsekvensane for lånerentene som kundane må betale, både personar og bedrifter.

For meg har det nesten fortona seg slik at ein del av media har stilt seg negativ til dei auka prisane.

Ein kan kanskje stille spørsmål om kvifor?

Eg forstår godt at låntakarane ikkje likar å betale meir for låna sine, og at mange, både personar og bedrifter kan få alvorlege problem som er vanskeleg å takle. Men kanskje kunne det også vere greitt å sjå på moglege fordelar som kan ligge i korta til låntakarane?

For eksempel: Dersom ein person eig ein huseigedom som er belånt med 2 mill. kroner og inflasjonen ligg på 2,5 prosent kvart år, og eigaren vanlegvis får ei tariffmessig lønnsauke som dekker omtrent prisstiginga.

Kva blir reknestykket då? Det generelle svaret er nok at inflasjonen har som konsekvens at låntakaren får ei «gratis» nedbetaling av lånet. Jo høgre inflasjonen er, dess større er den reelle lånereduksjonen! Noko å tenke på?

Sunnmørsposten har dyktige økonomar i sin stab av journalistar. Kanskje kunne ein av dei skrive ei fagleg utgreiing om problemstillingane som er nemnt i dette innlegget.