No vert straumprisar, oljeprisar og krigen i Ukraina sausa i hop som argument for vindkraft til lands og til havs, og nokon har det travelt!

Det urovekkande er at det vert sjonglert med tal når det kjem til kostnader, effekt og skadeverknader. Elektrifisering av sokkelen og havvind gjev lav energieffekt, enorme natur- og miljøavtrykk, og er frykteleg dyrt. Men NVE sitt talgrunnlag er produsert av næringsaktørane sjølve, eller finansiert av næringa. (Eivind Mauland, ksu.no). Dei bygg på synsing, vyar og innspel frå profitørar. Dette er lite å stole på!

Er Det grøne skiftet ein trussel? I Tyskland vert det hevda at Det grøne skiftet er «ein trussel mot landets økonomi, industri og befolkning» (Nationen/ Motkultur), og dei plukkar ned tusenvis av vindturbinar. Ikkje rart at dei ivrar etter å få Norge til å ta støyten med vindkraftutbygging på land og til havs, dette rike oljelandet, som så enkelt let seg besnære.

Havvind er ein trussel mot det maritime liv

Havvind er ein alvorleg trussel mot det maritime liv som vi ikkje har oversikt over, seier Jan-Hugo Holten til Finansavisen. Det er ustabilt, som på land og lite effektivt. Effektivisering og fornying av gassturbinar kan redusere CO₂-utsleppa betrakteleg, men dette gjev visst ikkje nok profitt! Gigantiske industriinstallasjonar i naturen og i havområda, midt i matfatet vårt, er galskap. Styresmaktene har ikkje ein gong teke seg bryet med å kartlegge skadeverknadene! Dei har andre ambisjonar.

Vi kan overleve på kloden om den vert nokre grader varmare, men vi overlever ikkje viss maten forsvinn (Smp. Finn Arne Follestad ) Forsyningssikkerheita vår vert truga, ikkje sikra, med desse siste og framtidige svære industritiltaka. «Norge forvalter havet som en kolonimakt med rett til å utnytte alle havets ressurser» hevdar A.D. Rogers, som sit i Havpanelet og er forskingsleiar i REV Ocean Norge. Han meiner dessutan at Norge har «usømmelig hastverk» med å starte gruvedrift i havet. Ikkje rart at landet er « på botn» i tiltak for havvern!

«Vi sitter på en pyramide hvor vi ikke kan kutte fundamentet. Da raser alt sammen. Vindkraften ødelegger fundamentet. Fordi den ødelegger naturen» skriv professor emeritus A. Greve, Norges Handelshøgskole.

Brussel er skuffa

Wind Europe direktør G. Dickson er lite fornøgd med Norge si satsing på havvind. « går glipp av enorme industrielle muligheter» Norge har « puslete ambisjoner..» (huff da..) «Norge taper økonomisk og EU rynker på nesen …» (Au, au …) Regjeringa vil først og fremst vere på lag med EU og von der Leyen, og stemmer med i refrenget «Profitt og prestisje»!

Oligarkar

Kven er det regjering og storting lyttar til når dei gjer store og inngripande vedtak på vegner av folket sitt? Dei burde ha tilgang til all den ekspertisen dei berre måtte ynskje. Så ser det verkeleg ut som om dei « ikkje vil vite»! Vi les med gru kor stor politisk makt oligarkane i Russland har. Dette er personar som har gjort seg styrtrike på å tilrøve seg fellesskapets naturressursar. Kanskje burde alarmklokkene snart ringe her til lands …

Vasskrafta vert underkommunisert

Professor i økonomi, Gordon A. Hughes si omfattande forsking slår hol på fleire mytar. Større turbinar lønner seg ikkje, lange overføringslinjer gjev store tap. Energisektoren « likar betre» sine eigne funn … At vindkraft gir « rein» energi er også ei myte av dimensjonar!

Hogne Hongset dokumenterer stadig at landet vårt framleis har rikeleg tilgang på elektrisitet, over lang tid. Oppgradering av eksisterande vasskraft vil dessutan kunne gi enda større gevinst. Stadig fleire fagfolk underbygg denne påstanden, om vasskrafta sitt store potensial. Professor ved NTNU, Leif Lied, vil bygge meir effektive vasskraftstasjonar, som kan auke kapasiteten svært mykje, med 20 til 30 Twh. NVE og OED sine anslag er maks 6Twh. Dette er altså fakta som NVE, OED og Norwea ikkje vil vite av, og som vert underkommunisert. Det desidert mest miljøvennlege energiproduktet, vasskrafta, vert snakka ned av styresmaktene!

Natur- og klimakrise er eit resultat av overforbruk

Uttak av ressursar påverkar prosessar i naturen. Naturen får ikkje tid til å regenerere, seier Arild Vatn, Norges miljø- og biovitenskaplige universitet. Natur- og klimakrisa er eit direkte resultat av dette, og vi er i ferd med å bygge opp ei gjeld for framtida. Vi har bygd oss eit økonomisk system som skaper kriser viss vi ikkje held fram med å vekse. Men skal vi ofre naturen eller endre økonomien? spør Vatn.

Profitt og prestisje

Terje Aasland «beroligar oss» med at no skal kommunane få mykje betre betalt for å tillate bygging av vindindustri, og no skal dei begynne å ta meir omsyn til «froskar og ørn» … som om det er alt? « … andre prinsipper enn å maksimere pengemessig overskudd» må til (A. Vatn). Korleis kan ein ha tillit til forvaltningsorgan når økonomisk gevinst synest einerådande?

For å finne andre, nye løysingar må ein sjå forbi dagens modellar, det vil seie «modeller som har brakt menneskeheten i en situasjon som er uholdbar» (A. Vatn). Grønt skifte kan aldri vere sanselaust å utarme naturen. Grønt skifte må vere å forvalte betre, ikkje å forbruke stadig meir!