I Norge lever vi tett på naturen – på godt og vondt. Det kraftige snøskredet som ramma Trollstigen og Trollstigen kafé i vår er eit godt døme på at natur ikkje er risikofritt.

Klimaendringar

Gjennomsnittstemperaturen på jorda stig. Isbrear smeltar, havnivået stig og vêret blir meir ekstremt. Vi får tørkeperiodar, hetebølgjer og periodar med meir og kraftigare styrtregn. FNs klimapanel har stadfesta at klimaendringane allereie har ført til omfattande skadar på natur og menneske.

Byggetiltak i trygge rammer

Plan- og bygningslova regulerer samfunnsplanlegging og byggetiltak i Norge. Byggetiltak skal berre skje i tilstrekkeleg trygge område. Både sjølve byggverket og menneska som oppheld seg i dei skal vere trygge for risiko frå natur og miljø.

Reglane om trygg byggegrunn har vore gjeldande lenge. Dei er ikkje endra som følgje av ny klimakunnskap. Men no er det mogleg å kartlegge risikoområde betre. Sjølv om eit utbyggingsområde har vore upåverka av moglege naturfarar over lang tid, kan det vere tilfeldig at ulykka ikkje har skjedd. Samstundes kan klimaendringane gjere at område som tidlegare har vore rekna som trygge for utbygging no er sårbare.

Ansvar for tryggleiken

Alle kommunar har ansvar for å kartlegge risikoforhold i sitt distrikt. I kommuneplanens arealdel vert det fastsett kor utbygging og utvikling skal skje. Omsynet til samfunnstryggleik skal vere førande for planen.

I reguleringsplanane blir detaljane i utbyggingsområda fastsett. Her blir det reelle farenivået klarlagt. I ei etterfølgjande byggesak må utbyggjaren dokumentere korleis byggverket held seg til eventuelle risikomoment.

Mange gonger ønsker nokon å bygge i område som ikkje er regulerte. Og nokre gonger kan ein erfare at regulerte område faktisk er flaum- eller skredutsett, sjølv om det ikkje kjem fram i reguleringsplanen. I slike tilfelle ligg det til den einskilde søkaren å dokumentere kva reell risiko som finst i området. Søkaren må også dokumentere korleis byggverket skal halde seg til risikomomentet.

Éi av oppgåvene til Statsforvaltaren er å handsame klagesaker etter plan- og bygningslova. I nokre tilfelle kan det vere vanskeleg for utbyggjarar å forstå kvifor tryggleiksreglane stoppar vidare utbygging i eit område som er bygd ut frå før. Nokre gonger kan reglane virke formalistiske. Samstundes gir ny kunnskap om kva som er reell trygg byggegrunn saman med forventinga om meir ekstremvêr at vi ikkje kan bygge og bu slik vi alltid har gjort.

Nedbør som skadar tettbygde strøk

Samfunnsutviklinga tar oss i retning av meir urbanisering og fortetting. Her står byggverka tett og areala består mykje av asfalterte vegar og parkeringsplassar. Dei naturlege vassvegane er gjerne også endra.

I framtida vil vi oppleve at styrtregn vil påverke oss sterkt. Vi vil oppleve at styrtregnet både kjem hyppigare og er meir intenst enn i dag. Vi veit også at infrastrukturen i mange kommunar ikkje er rusta til å tole sjølv dei mest ekstreme vassmengda som kjem i dag. Kraftig nedbør over kort tid kan difor gjere stor skade på både byggverk, infrastruktur og på helse og miljø i byar og tettbygde strøk.

Når vi planlegg og byggjer bu- og leveområda våre er det viktig at kommunane, saman med nasjonale og regionale aktørar, styrer arealpolitikken i meir klimatilpassa retning. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) tilrår at vi tek i vare dei naturlege vassvegane, grøntareala, og at vi rustar opp overvass-systema for framtidas nedbørsmengder og -intensitet.

Når fjellet truar

Ifølgje rapporten Klima i Norge 2100 er vêret ein av dei viktigaste faktorane for utløysing av skred i bratt terreng. Det meir intense styrtregnet gir auka risiko for skredhendingar. Dette har vi sett fleire alvorlege døme på dei siste åra, mellom anna i bygda Utvik og ved Jølstravatnet i Vestland.

Reglane om trygg byggegrunn seier at bustadhus ikkje kan plasserast i område der faren for skred er høgare enn 1/1000 per år. Både klimaendringane og ny kunnskap fortel oss at mange bustadar i landet ligg i potensielt skredterreng. Dette gjeld mellom anna eit bustadfelt i Malmefjorden i Hustadvika kommune.

I område som dette skal det ikkje byggast nye hus. Byggverk kan ikkje ligge i potensielle utløpsområde for skred. For å kunne gjere nye byggetiltak må tomta i så fall sikrast slik at tryggleikskrava blir oppfylte, til dømes ved oppføring av skredvoll. Regelverket set likevel ikkje hinder for at eksisterande byggverk i desse områda fortsett kan brukast.

Havet stig

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap seier at kyst- og fjordkommunane må førebu seg på eit høgare havnivå i framtida. Havnivåstigninga vil føre til at stormflo og bølgjer kjem lenger inn på land enn det dei gjer i dag. Byggverk som har stått tørt og trygt fram til no kan gå ei utrygg framtid i møte.

Havnivåstigninga er noko kommunane må ta omsyn til når dei planlegg framtidige byggeområde. Døme på tiltak for å bygge trygt kan vere å vedta kommunale føresegner med krav om heving av byggegrunnen, å fastsetje ei nedre akseptabel byggehøgd (kotenivå) eller å krevje forsterkning av bygningskonstruksjonen.

For eksisterande byggverk og infrastruktur må kommunane vurdere om det må gjerast tiltak som sikrar bygningane.

Berekraftig og trygg framtid

Vi kan forvente meir flaum og skred i tida som kjem. I vårt fylke er vi spesielt oppfordra til å tilpasse oss kraftig nedbør og auka problem med overvatn.

Ny kunnskap om moglege fareområde og effekten av klimaendringane vil påverke plan- og byggesaker i kommunane. Lova og regelverket er til for å sikre eit felles, nasjonalt tryggleiksnivå for alle utbyggingsområde. Ved å følgje lova kan vi sikre ei berekraftig framtid for kvar einskild – for samfunnet og framtidige generasjonar.