“Musea våre er uttrykk for utviklinga av eit samfunn, sjølvkjensla i ein nasjon, standarden for ytringsfridom og demokrati i ein fellesskap.

Museumsinstitusjonar er demokratiske berebjelkar, ein del av den avgjerande infrastrukturen for demokratiutøving og frie ytringar. Museumspolitikken legg difor grunnlaget for ein del av vår felles danning. Slik musea spela ei viktig rolle i nasjonsbygginga av den unge nasjonen Noreg, spelar dei ei like viktig rolle i vår eiga tids forståing av oss sjølve – både kven me har vore, kven me er og kven me vil vera.”

Desse store orda er innleiinga i den nyaste stortingsmeldinga om musea, vedteken av eit samrøystes Storting juni 2021. Den trekkjer opp lange linjer om musea sitt samfunnsoppdrag i eit generasjonsperspektiv. 18. mai er den internasjonale museumsdagen. Kva er eit museum og kvifor er kultur viktig?

Musea i Noreg har gått gjennom ei auka profesjonalisering siste år og nye yrkesgrupper har kome inn. Stiftinga Viti har konservatorar, arkeologar, arkitektar, museumspedagogar, marknadstilsette, publikumsvertar, kjøkkenpersonale, historikarar, arkivarar, forfattarar, forskarar, antikvariske snikkarar, for å nemne noko. I tillegg har Viti mange flinke frivillige. Musea skal forske og formidle, og i tillegg auke eigeninntektene. Dei fleste store museum i Noreg i dag har både museumsbutikk og kafé, held føredrag for andre og deltek i forskingssamarbeid. Det gjer musea til ei kompleks og spennande verksemd – med eit samansett publikum frå barnehagealder til godt vaksne, både internasjonale turistar og lokale nabolag kring det fysiske museet.

Å ta vare på og trygt forvalte vår felles kulturarv, er med andre ord berre ein liten del av oppdraget musea har. Norske museum har bygningar og gjenstandar som fortel om farne tider, men forvaltar også forteljinga om oss, om samfunnet vi levde i og lever i her og no. Museet skal peike på dei store samanhengane, årsaker og konsekvensar, reflektere over historia i tida vi lever i no og ha eit kritisk blikk på oss som samfunn. Musea skal også vise fram korleis dette speglar seg i kunsten. I Viti-familien finn du difor det einaste kunstmuseet i Møre og Romsdal fylke. Til saman utgjer desse oppgåvene eit stort, viktig og meiningsfullt ansvar. Situasjonen i Europa kastar lys over kva som er ein nasjon, eit folk og kva som er kultur. Nasjonar og landegrenser kan endre seg, men kulturen er gamal. Mykje av vår kulturarv bryr seg lite om kommune – , fylke,- ja, også landegrenser. Kultur er også idear, handlemåtar, verdiar, vaner, kunnskap, ritual, tankar, normer, språk og åtferd.

Med dette som bakteppe, kan ein forstå at tanken om kva som er “ein kultur” eller “eitt folk” skape eller bidra til konfliktar både i land og mellom nasjonalstatar – slik ein ser det i konflikten mellom Russland og Ukraina. Historia viser at sterke nasjonale kultursymbol er truga eller vert øydelagde i krig, som bokbålet i Sarajevo i 1992 der nasjonalistar brann opp nasjonalitteraturen i Bosnia eller Buddha- statuane i Bamyian i Afghanistan som stod på UNESCO- lista og vart sprengde av terrorgruppa IS. Vi skal ikkje eingong reise ut av landet for å sjå korleis Noreg undertrykte den samiske kulturen - også i 2022 vart barn hetsa i 17.mai-toget fordi ein var ikledd samisk kofte.

Kultur er makt, identitet og samhald. Kultur er vår verdibank. Difor vert vi lei oss når kultur går tapt, og kjenner glede når vi ser arven ivareteken og stilt ut.

I dag då eg gjekk i museumsbutikken, stod eit utanlandsk ektepar og studerte brun mannsbunad frå Sunnmøre som vi har stilt ut på Sunnmøre museum.

Den broderte skjorta, dei handstøypte messingknappane, den heimestrikka raudehua. Bonden si drakt, frå førindustriell tid. Inspirert og påverka av verda rundt oss og motane der ute, men likevel sjølve symbolet på nordmannen. Dette er vårt. Dette er oss. Musea tilhøyrer oss alle i samfunnet, og vi tilsette i musea er stolte forvaltarar av kunsten og vår kulturarv. Eit museumsbesøk - i musea i nærleiken eller ute på reise, gir eit innblikk i kven vi er og kva som har forma oss - og opnar refleksjon, kunnskap og oppleving.

Gratulerer med museumsdagen og velkomen til musea!