Finnøya, Harøya, Fjørtofta, Skuløya, Haramsøya og Lepsøya får dermed fastlandsforbindelse med tunnelar og bruer.

Bør ligge nær Sekken

Helseføretaket har, etter det eg kjenner til, vurdert dette utifrå at dei har behov for ambulansebåt for å dekke akuttberedskap for Ona, Sandøya, Orten, Bjørnsund og Sekken. På desse øyene bor det ca. 200 personar. 75 prosent av desse bor på Sekken! Då seier det seg sjølv at båten bør ligge nærmast mogleg Sekken.

Etter at stasjoneringsstad er bestemt har det kome brev og avisartiklar frå politikarar og mannskap på Øyvon som protesterer på avgjersla, der dei kjem med feilaktige påstandar som at Aukra kommune har gulstripe og beredskapsferje og derfor ikkje treng ambulansebåt.

Ferje og brannbåt ikkje aktuelt

Aukra har beredskapsferje, men vi veit at ferjene ofte er ute av drift på grunn av vêrforhold, tekniske problem med fartøy eller kaianlegg. Dette skjer mykje oftare enn at ein tunnel er stengd. Og skal ein tunnel vere stengt, så opnar den i dei aller fleste tilfelle opp for utrykkingskøyretøy.

Det blir også hevda at Sekken blir dekka av helikopter og brannbåt frå Molde.

Alle får helikopter når det er behov for det. For det første, det har alltid vore ambulansebåten på Aukra/Midsund som har hatt beredskapen på Sekken. Brannbåten har vore brukt i nokre tilfelle, heilt til at dei ansvarlege vart gjort merksam på at brannbåten ikkje er sertifisert for å operere som ambulansebåt. Alle ambulansebåtar skal ha passasjersertifikat. Dette inneber at båten skal byggjast, utrustast og med mannskap etter fastsette reglar og forskrifter. Brannbåten kan ikkje brukast som ambulansebåt. Dermed kan ikkje den brukast til Sekken.

Skal ikkje vere til hinder

Samordningsforskriften regulerer berre forholdet mellom ambulansebåttenesta, sjuketransport og transport av helsepersonell i båt, jamfør spesialisthelsetjenesteloven og helse- og omsorgstenesteloven. Forskrifta er ikkje meint å vera til hinder for at det vert inngått avtalar om å nytte dei aktuelle båtane til fleire typar oppdrag – «samfunnsbåtar» men det gjeld først og fremst skyss av legevakt og anna helsepersonell.

Dei påstår at båten må ligge på Harøya fordi tunnelane og bruene kan bli stengde, og då tek det for lang tid å vente på båt frå Aukra. Men, ambulansebilen skal stasjonerast på Harøya. Vert ein tunnel eller bru stengd så kan utrykkingskøyretøy i dei aller fleste tilfelle passera. Om det ikkje er mogleg så tek det såpass tid frå ambulansen på Harøya får alarm til dei har fått henta pasienten og er klar på kaia, at ambulansebåten ikkje er langt unna. Skulle ikkje ambulansen kome seg til pasienten fordi ein tunnel er stengd så har dei backup frå ambulansar på fastlandet.

Det blir også hevda at det er for langt å køyre til Ålesund, pasientar frå Finnøya, Harøy, Fjørtofta og Skuløya må framleis bruke båt. Men dei avstandane er ikkje større enn frå andre kommunar, f.eks. Sunndal, Rauma, Stranda.

Aldri hatt avtalar

Brannberedskap på Ona og Sandøya er ei kommunal oppgåve. Helseføretaket har derimot plikt til å legge til rette for samtransport, men ikkje dersom dette går utover den akutte beredskapen som helseføretaket er ansvarleg for. Derfor har dei bestemt å legge båten til Aukra. Helseføretaket har aldri hatt avtalar med kommunane om brannberedskap.

Det blir hevda at vêret ute på øyane ofte er så dårleg at båten frå Aukra kan ha problem med å komme ut dit. I dårleg vêr tek alt lenger tid, det veit alle. Ein tur frå Aukra til Steinshamn tek normalt 25 minutt, medan det i orkan kan ta 45 minutt.

Det blir hevda at det på Sekken berre er tre akutte tilfelle i året, og at det derfor kan det forsvarast at Sekken blir dekt med bruk av brannbåt.

Ut frå folketalet på Sekken, så stemmer det sikkert at det er 3 akutt tilfelle i året. Men kva med Ona og Sandøya da med ca. 45 innbyggjarar, 0,9 akuttoppdrag der da, så derfor må båten ligge på Harøya?

Det er respektlaust å meine at dei som bur på Sekken skal vere avhengig av ein brannbåt som ikkje er utrusta og sertifisert for å ta ambulanseoppdrag.

Det må og nemnast at det i 30–40 år har vore legevaktsamarbeid mellom Aukra, Sandøy og Midsund. Det var då ikkje tema at båten var langt unna når Aukra-legen eller Midsundlegen måtte rykkje ut til gamle Sandøy Kommune på akuttoppdrag.

Korfor Aukra

Plassering av båt på Aukra er logisk fordi:

  • Den ligg då midt i det området båten skal dekke.

  • Den ligg nærmast dei største øysamfunna som i dag ikkje har fastlandssamband Gossen og gamle Midsund Kommune. Ferjer er meir sårbare enn tunnelar og bruer. Vegen vår er faktisk stengd, open berre to gonger i timen.

  • Den ligg nærmast den øya med størst befolkning.

  • Det er planlagd store byggeprosjekt i dette området, Møreaksen/Kjerringsundet og hydrogensatsing på Aukra. Derfor er det viktig med nær og god beredskap.

  • For pasientar som skal til Ålesund frå Aukra eller nord for Romsdalsfjorden er det ofte transportar over Romsdalsfjorden til Vestnes med pasientar som skal flyttast frå Molde til Ålesund, eller fødande med komplikasjonar eller sjuke barn frå Nordmøre og andre kommunar nord for Romsdalsfjorden.

For Aukra Kommune som framleis er ein øykommune, så betyr det mykje å ha båtberedskap her, det er mellom anna fleire akutt-turar i året til Vestnes med sjuke barn som må til Ålesund.