Tenk deg no at du er både, kvinne og kurdar! Jina mista livet sitt på grunn av desse to.

Måtte ha hijab

«Ta deg ein tur til Iran, så kan du få deg ein ordentleg grunn til å vere feminist!» Då setning vart skriven i det feministiske tidsskriftet Råtekst i 1999 i Norge, var eg sju år gammal, og budde eg i byen Sanandaj- Kurdistan fylke, vest i Iran. Eg måtte ta eit bilde for å registrere meg i første klasse på barneskulen, eit bilde med svart hijab!

Maria sitt første bilde med hijab. Foto: Privat

Eg likte det ikkje, fordi det ikkje var mitt val, men eg hadde ikkje rett til å kome inn på skulen utan hijab. Obligatorisk hijab var ikkje det einaste problemet. Første skuledag snakka læraren og dei tilsette til skulen på eit språk eg ikkje forstod eit ord av, det var ikkje som språket vi snakka heime. Seinare fann eg ut at det var persisk, og viss eg ønskte å studere og forstå kva læraren min sa, måtte eg lære det.

Ulovleg med kurdisk

Det var ulovleg for lærarar å snakke kurdisk i klasserommet, dei kunne få sparken. Den første skuledagen hadde to viktige leksjonar for meg:

-Eg skal ikkje bli sett på som ei kvinne!

-Å bruke morsmålet mitt (kurdisk) er eit lovbrot!

Heile barndommen og ungdomstida mi levde eg i ein region kor vi såg døme på at regjeringa undertrykte ulike meiningar og kvinner.

Eg bestemte meg for å studere jus på universitetet, eg tenkte at viss eg vil forsvare meg sjølv og andre kvinners rettar, er den beste måten å studere juss og til slutt bli advokat. Då eg var ferdig med bachelorstudiane, konkluderte eg med at sharia-baserte lovar faktisk er det mest grunnleggande problemet for oss kvinner i Iran.

Blei aktivist

Eg vart ikkje advokat. Dette fordi eg ikkje trur eg vil kunne forsvare eit menneske innanfor ramma av umenneskelege lover og mot eit autokratisk diktatur. I staden blei eg aktivist. Eg var aktiv innan menneskerettar og kvinnerettar og dessutan miljø.

På grunn av aktiviteten min vart eg overvakt av myndane (Government security forces) så arbeidet med menneskerettar og kvinners rettar var som man gjekk over grensa fordi menneskerettar var den raude linja i systemet. I 2016 flytta eg frå Iran, eg gjekk til den irakiske Kurdistan med familien min. Dei var også i fare, der jobba eg saman med søstera mi Shiva Ghalvazi, som journalist og dokumentarfilmskapar, men truslane tok ikkje slutt.

Vi bestemte oss for å reisa til Tyrkia for å ta imot internasjonal hjelp som politiske flyktningar. November, 2017, ein dag då vi gjekk i gatene i Istanbul, vart vi plutseleg omringa av fleire bilar. Det var omkring 15 person som kom ut av bilane, dei stilte seg rundt oss i ein sirkel. Dei byrjar å ropa: «Shiva og Maria».

I ulike fengsel

Dei tok passa våre, og sette handjern på meg og Shiva. Eg vart ført til den eine bilen og Shiva til den andre. Det var då vi forstod at det fanst ein avtale mellom tyrkiske og iranske myndigheiter, som gjekk ut på å utlevere oss på bakgrunn av den sivile aktivitet vår i høve Iran.

Vi var sperra inne i åtte månader i forskjellige fengsel med IS-kvinner. Vi hadde ikkje tilgang til telefon og fekk ikkje sjå familien vår på åtte månader.

Tyrkia kalla oss terroristar på grunn av det journalistiske arbeidet vårt i Kurdistan.

Etter åtte månader vart vi lauslatne med hjelp frå FN og advokatar. Då gjekk vi til ein slags heimefengsel i Denizli, i aust Tyrkia, der mora og broren vår levde. Hausten 2018 forlét endeleg søstera mi og eg, saman med andre familiemedlemmer Tyrkia og kom til Norge.

Eg lærte ein tredje leksjonen her: at Midtausten-diktatorar er gode venner når målet er å undertrykka kurdere!

«Bli eit symbol»

Men eininga deira var ikkje og er ikkje like sterk som alliansen av dei som støtter menneskerettane.

På gravsteinen til Jina Amini skreiv familien hennar ei setning på kurdisk: «Kjære Jina, du vil ikkje døy; namnet ditt vil bli eit symbol».

Denne setninga blir no gjentatt i alle protestar i Iran. Jina “Mahsa” Amini, var eit symbol på å vera kvinne og vera ein etnisk minoritet i Iran.

Desse protestane starta i kurdiske område i Iran, og har no spreidd seg til heile landet. Kvinner leiar desse protestane, dei set fyr på skjerfa sine, som er eit symbol på den islamske ideologien til regjeringa, og stemmene deira er høgare enn nokon gong når dei syng: «kvinne, liv, fridom».