Klinikk Volda sjukehus har ikkje legeressursar tilknytt Mork rehabiliteringssenter. Vi har difor heller ikkje blitt inviterte til å medverke i prosessen inn mot leiarrådet si innstilling om nedlegging. Som sjukehuslegar er vi likevel aktive rekvirentar og brukarar av tenester frå fagmiljøet på Mork. Det er då kritikkverdig at følgjene for Klinikk Volda sjukehus ikkje er drøfta i risiko- og sårbarheitsanalysen.

Viktig samarbeid

Volda sjukehus manglar i dag enkelte kliniske støttefunksjonar som vanlegvis er tilknytt slageiningar på sjukehus. Mork rehabiliteringssenter er organisert i multidisiplinære team med rehabiliteringskompetanse, medrekna sjukepleiarar med spesialkompetanse, ergoterapeutar, fysioterapeutar, logoped og sosionom. Volda sjukehus har difor i mange år hatt ei ordning der fagpersonar frå Mork gjer tilsyn og kartleggingar av innlagde pasientar med rehabiliteringsbehov. På denne måten har Volda sjukehus kunne levere eit heilskapleg tenestetilbod til denne pasientgruppa. Samarbeidet har tidlegare vore brukt som argument frå leiinga for at sjukehuset ikkje treng desse funksjonane sjølve. Vi står no i fare for å miste tilgangen til dette fagmiljøet, og det gir pasientane våre eit dårlegare behandlingstilbod i det tidlege forløpet etter hjerneslag.

I praksis ei nedlegging

Samlokalisering av spesialisert rehabilitering til Ålesund sjukehus betyr i praksis nedlegging av Mork rehabiliteringssenter. Kartlegging blant dei tilsette på Mork viser at få vil følgje med ei flytting til Ålesund, mellom anna grunna lang reiseveg. I saksutgreiinga er det ikkje drøfta kva som er akseptabel pendlaravstand når tenestetilbodet er føreslått flytta. Vi er uroa for at kompetansen som er bygd opp over tid blir tapt, og vi veit det vil ta tid å bygge opp eit tilsvarande fagmiljø med mange nye som må lærast opp. Det gjer sterkt inntrykk når ein høyrer at tilsette ufrivillig må sjå seg om etter nytt arbeid eller forlate eit fagfelt som det ligg årevis med kompetansebygging bak.

Utan blikk for behovet i framtida

Vi er også bekymra for at HMR går inn for å redusere det totale talet på sengeplassar i det spesialiserte rehabiliteringstilbodet. I saksutgreiinga er sengebelegget frå 2018 til 2022 lagt til grunn. Ein argumenterer med eit fallande belegg i 5-årsperioden, og meiner at det er teke høgde for eventuelle utslag pandemien har hatt. Helsedirektoratet publiserte i oktober 2022 ein rapport om rehabilitering i spesialisthelsetenesta for perioden 2017 til 2021 som viste tilsvarande reduksjon i tal på rehabiliteringspasientar, men denne rapporten konkluderer med at nedstenging i pandemien i 2020 hadde store konsekvensar for rehabiliteringsverksemda. Vidare meiner vi at saksutgreiinga til HMR manglar framskrivingar som tek høgde for endring i pasientpopulasjonen, ny medisinsk teknologi og aukande levealder. Sunnaas sykehus HF som har landets største fagmiljø innan fysikalsk medisin og rehabilitering, er tydelege i sin utviklingsplan på at behovet for rehabilitering vil auke i framtida.

Store utgifter til privat rehabilitering

Sidan 2017 har det vore fritt behandlingsval innan habilitering og rehabilitering, noko som betyr at pasientar fritt kan velje private rehabiliteringstilbod alternativt til det som helseføretaket tilbyr når spesialisthelsetenesta har vurdert rehabilitering som naudsynt. I 2020 vart HMR trekt heile 102,6 MNOK i rammefinansiering for kjøp av private rehabiliteringstenester, ei auke på 12,1 MNOK frå 2019. Til samanlikning vil vi trekke fram at det ved å legge ned Mork rehabiliteringssenter er antatt ein årleg reduksjon i kostnadsnivå i storleiken 10 MNOK. Dersom tilbodet på Mork forsvinn og tal på sengeplassar i det spesialiserte rehabiliteringstilbodet i HMR blir redusert, må føretaket forvente at enno fleire pasientar søkjer seg til private alternativ. Kostnaden er det likevel helseføretaket som må dekke. Vi kan ikkje sjå at denne ekstrakostnaden er rekna med i saksutgreiinga til leiinga.

Tapt spesialkompetanse gir auka press på sjukehuset

Dagens organisering av det spesialiserte rehabiliteringstilbodet i HMR gjer at fleire innbyggarar har nærleik til tilboda, og det er t.d. enklare å drive ambulant teneste på ein god måte. Dermed også gjensidig kompetanseoverføring mellom kommune og rehabiliteringssenter. Mork har vore sentral i denne kompetanseoverføringa til kommunar og sjukehus i sitt nærområde gjennom sitt fagmiljø. Med forslaget som no ligg på bordet blir det utan tvil eit auka press på korttidsplassane i kommunane. Vi fryktar konsekvensen blir eit auka tal utskrivingsklare pasientar på sjukehus mens ein venta på plass i kommunal omsorg. Dette får mellom anna negative verknader for drifta på sjukehuset, med større risiko for overbelegg og personellslitasje.

Vonar på ei revurdering

Omstilling og nedskjeringar er krevjande for dei som blir råka. Helseføretaket har difor eigne prosedyrar for omstillingsprosessar. Administrerande direktør har eit overordna ansvar for at det skjer i samsvar med lovar, reglar og avtaleverk til beste for pasientane, tilsette og organisasjonen. Legane på Volda sjukehus opplever at ein i denne saka har operert med så korte tidsfristar at det har gitt oss som aktive rekvirentar og brukarar av tenesta til Mork rehabiliteringssenter avgrensa høve til å vurdere konsekvensar for eiga drift før saka skal til styrebehandling. Vi håper med dette at leiinga og styret i HMR revurderer saka om Mork rehabiliteringssenter.