Geiran skriv: «Den historiske byggeskikken og de karakteristiske trekkene ved bebyggelsen er med å gi byer og steder særpreg og egenart. I by- og stedsutvikling er det viktig at kulturmiljøet ikke behandles som en samling av enkeltbygninger, men som en helhet.»

(...) Stål på fasaden på nybygg i Ålesund er fullstendig skivebom!

Vidareføring av særpreg

To av Riksantikvarens råd til byutvikling og byreparasjon (…) er at nye tiltak innordner seg eksisterende bebyggelse og viderefører miljøets egenart og særpreg. Kontrasterende utforming og uttrykk bør vi unngå.

Poenga i Geiran sin tekst er også å finne i Riksantikvaren sin strategi og faglige anbefalinger for by- og stedsutvikling (2021). Dette er eit viktig dokument for kommunepolitikarar og planmyndigheiter å stø seg på i byggesaker. Kulturminne og kulturmiljø er viktige ressursar i by- og stadsutvikling: før var det vern eller utvikling, no er det utvikling gjennom vern (Geiran). Omgrepet kulturmiljø har fått større plass i kulturminnevernet dei siste åra, og ein ser verdien av kulturmiljø grunnlag for utvikling av attraktive tettstader. Frå 2022 skal dessutan eit utval lage forslag til ei ny kulturmiljølov som skal erstatte den gamle kulturminnelova frå 1978. Utvalet skal levere sitt forslag innan september 2024.

Gledeleg trend

Jugendbyen Ålesund er eit viktig kulturmiljø, og det er gledeleg å sjå trenden med tilbakeføring av originale bygningsuttrykk på gamle murgårdar: dører og vindauge blir tilbakeført til sin opprinnelege utsjånad, boga vindaugsomraminagr blir mura opp igjen og ornamentikk blir teken vare på. Når ein heil etasje no skal tilbakeførast på gateplan i Løvenvoldgata er dette eit viktig prosjekt i byen si vernehistorie.

Også Ålesund kommune har planverk som tilrår tilpassing, vern og tilbakeføring av viktige kulturminne og kulturmiljø: i verneplanen (2001) og i Sørsideplanane (2015) finn vi konkrete føringar for materialbruk, bygningsdimensjonar, takvinklar m.m.

Difor er det underleg at eit nybygg på Sørsida får tak- og veggkledning i rusta stål. I følge §2.3- Materialbruk i Bestemmelser- Ålesund sentrale Sørside (2015) skal «Takmateriale (…) være skifer og fasade skal utføres i pusset mur eller steinkledning». Føremålet er «å skape en sammenheng med de nære omgivelser, som blant annet består av en rekke markante bygninger fra gjenreisningsarkitekturen». Skifertak er eit viktig kjenneteikn for Ålesund, og det er dårleg at dette ikkje blir følgt opp av kommuna som norma for nybygg i bykjernen. Skuffelsen var stor for mange når det som i fasong og dimensjon såg ut til å bli eit sympatisk tilpassingsbygg, vart dekt med eit materiale som elles er heilt framand i Ålesund. Bybrannen i Ålesund tvang fram den nasjonale murtvangen i Noreg, og då er stål på fasaden på nybygg i Ålesund fullstendig skivebom!

Rustbygget rettar seg mot sjøen, lik som den gamle sjøboda rett i bakkant: Nedre Strandgate 15. Dette er eitt av fleire atterreisingsbygg som ligg innanfor planområdet Sørsida, og er eigd av Ålesund kommune. I Nytt i Uka kan vi lese at det fell takstein og murpuss av fasaden. Ein representant for kommunen seier at det kan være ei sak for plan- og bygningsetaten om «hvorvidt bygget må bevares eller eventuelt rives» (Nytt i Uka, november 2020). Nedre Strandgate 15 er nemnt konkret i sørsideplanane under §7.4- Bevaring kulturområde, og «bevaringsverdige bygg skal bevares i sin helhet som vist på planen» og «overordnet mål er å sikre bebyggelsen, både i helhet og detalj, ved restaurering/ rehabilitering etter antikvariske retningslinjer. Det må legges spesiell vekt på å bevare de originale bygningselementene og håndverksteknikkene».

Interessant arkitektur

Det er tydeleg at Nedre Strandgate 15 ikkje kan rivast, men skal takast vare på som eit viktig kulturminne over historia om den store brannen i 1904, og Ålesund si tilknyting til sjøen og havet. Nedre Strandgate 15 har omfattande restaurerings-/ og rehabiliteringsbehov og det bør være ei prioritert oppgåve innanfor utviklinga av Sørsida å restaurere bygget og aktivisere det for ny bruk. Omgrepet utvikling gjennom vern er sentralt her: Nedre Strandgate 15 har ein interessant arkitektur med urbane kvalitetar, og ei sentral plassering i byen. Eg er sikker på at den rette aktøren ville ønske å gi bygninga eit nytt liv som eit aktivt punkt i ein levande by.

Også viktige i utviklinga av Sørsida er bygga på Storneskaia: Rutebilstasjonen, Terminalen, Tollbygningen og den kvite terminalbygningen. Desse står som viktige minner over utviklinga av byen, og vil gi variasjon i den bygningsmassen som er teikna på Sørsida. Potensielt så kan Sørsida danne eitt langt vippepunkt gjennom byen frå aust til vest- og mellom det gamle og det nye- og då er det viktig å spare eksisterande bygg for å gi balanse i arkitekturen. Kontrasten bør ikkje bli for stor: verken mellom enkeltbygg eller mellom Sørsida og den gamle byen.

Gjer klokt i å verne

Dei siste åra har etterkrigsmodernistiske bygg fått auka vernestatus. Rutebilstasjonen er eksempel på etterkrigsmodernisme, og Ålesund gjer klokt i å verne denne. Argumentasjonen er lik som med Nedre Strandgate 15: bygget har eit interessant stiluttrykk med ei sentral plassering. Det er bra at debatten går om dette bygget no, og at det er lokale aktørar som ser verdien av Rutebilstasjonen for framtidige næringskonsept.

Ålesund har ei lita bykjerne med mange kulturminne og kulturmiljø, og alle byggeprosjekt i bykjernen må forholde seg til gammal utbygging. Når det no skal tilsettast ein ny dagleg leiar for Sørsida Utvikling så er det viktig at dette er ein person som har vernebrillene på, og som evnar å forvalte den verneverdige bygningsmassen som er innanfor planområdet. I tillegg vil stillinga også måtte ta ansvar for å utvikle ein bydel som supplerer og speler på lag med den gamle bykjernen. Den nye daglege leiaren for Sørsida bør difor få lov til å stø seg på folk i Ålesund kommune som kjenner verneplanen godt.

Kan vi også snart håpe på tilsetting av ein byantikvar i Ålesund?