Grunnane til dette er mange.

For det første er fossane og elvane i grunn og botn det norske folket sin eigedom. For det andre lever vi i eit kaldt og vått land med stort behov for oppvarming for folk flest.

For det tredje har rimeleg norsk vasskraft vore ein komparativ føremon for tradisjonell norsk industri i over 100 år, samstundes som rimeleg vasskraft kan bli ein stor føremon for Noreg når landet skal gjennom det grøne skiftet.

Staten Noreg har alle moglegheiter til å legge til rette for det som kan bli eit suksessfullt industrielt grønt skifte bygd på rein norsk vasskraft, men dette føreset altså at krafta ikkje blir sendt ut av landet via kablar til Storbritannia og kontinentet.

Ein bløff

At vesle Noreg med 5,5 millionar innbyggjarar skal bidra til det grøne skiftet globalt ved å sende vasskrafta vår til Europa, er ein bløff frå kraftprodusentar og krafteksportørar.

Europa har med sine 750 millionar innbyggjarar eit umetteleg behov for mest mogleg rein energi som kan erstatte kolkrafta når dei skal gjennom eit gigantisk grønt skifte, og i dette biletet monnar nokre få terrawattimar frå Noreg lite og inkje.

I 2021 hadde Noreg ein nettoeksport av kraft til Europa på 17 Twh, medan årsforbruket i EU er på om lag 3.300 Twh allereie før dei har starta det grøne skiftet. Kraftimporten frå Noreg utgjer med andre ord berre 0,5 % sjølv av dagens behov i EU, og norsk vasskraft kan ikkje på nokon måte stette det enorme og aukande behovet for rein energi i Europa.

Dessutan veit vi at det er eit effekttap på om lag 5 % i overføringskablane frå Noreg, noko som gjer dei lite klimavennlege i seg sjølv.

Skyhøge prisar

Det denne krafteksporten derimot fører til, er skyhøge kraftprisar for det norske folk og for norsk industri, slik vi har sett særleg på Austlandet og på Sørvestlandet, jamvel før Putins åtak på Ukraina.

Til vinteren kjem det til å bli mykje verre, og det kjem ikkje til å «gå over» i åra som kjem heller, slik kraftprodusentane og krafteksportørane og nokre politikarar prøver å få oss til å tru.

Tvert imot; så snart overføringskapasiteten mellom nord og sør blir tilstrekkeleg utbygd, kjem heile landet til å få europeiske prisar stort sett gjennom heile året, med mindre ein stoggar krafteksporten.

Marknaden fungerer

Grunnen er enkel; marknaden «fungerer» og i Europa vil kraftprisane alltid vil vere mykje høgre i Europa enn det det vi har vore vane med i Noreg.

Dette er også éin av mange viktige grunnar til at vi ikkje bør elektrifisere sokkelen eller rasere meir norsk natur enn det vi allereie har gjort ved å byggje ut fleire vindmølleparkar.

Den suverent mest klimavennlege måten vi kan bruke norsk vasskraft på, er å bruke ho på det grøne skiftet i Fastlands-Noreg.

Dei som tener på krafteksporten er kraftprodusentar og krafteksportørar som Statkraft og Statnett. Dette er selskap som er heileigde av den norske staten, forvalta av Olje- og energidepartementet og skal tene befolkninga i Noreg.

At desse og dei fleste andre kraft- og nettselskap er i offentleg eigarskap, er i utgangpunktet bra, både fordi offentlege organ då kan leggje føringar for kraftpolitikken, og fordi kommunar, fylkeskommunar og staten kan tene pengar på den norske krafta, noko som kan kome vanlege innbyggjarar og privat industri til gode.

Fritt leide for Statkraft

Problemet starta i mars 2018, då ein uheldig og naiv allianse beståande av Frp, Høgre, Venstre Ap og MDG vedtok norsk tilslutning til EU sitt energiutvekslingsbyrå ACER, noko som i sin tur gav leiinga i Statkraft og Statnett fritt leide til å maksimere profitten sin gjennom eksport til Storbritannia og kontinentet.

I 2021 auka krafteksporten frå Noreg til utlandet med 30 % jamført med snittet av dei fem føregåande åra, og forklaringa på den kraftige eksportauken er at nye, store utanlandskablar til Tyskland og England blei sette i drift i løpet av 2021.

Dermed kunne Statkraft og Statnett bokføre rekordoverskot på høvesvis 16,1 og 1,5 milliardar kroner etter skatt i 2021, samstundes som norske husstandar og norsk industri må betale blodprisar for straumen og berre har fått brøkdelar av dei nemnde overskota attende i form av straumstøtte frå staten.

Naive politikarar

Det er rett og slett skremmande å sjå korleis naive politikarar frå dei nemnde politiske partia har late seg lure av ein tvilsam allianse av visse delar av klimarørsla på den eine sida og kraftprodusentar og krafteksportørar på den andre. Når det gjeld Frp, Høgre, Venstre og Ap, synest det klart at dei faktisk vil ha dette systemet.

Derimot ser det ut til Sp etter kvart har begynt å forstå kor hovudlaus krafteksporten er, og vi kan berre håpe at dei får med seg Sv og stiller makt bak kravet overfor Ap om å leggje strenge føringar for minstevasstand ved norske magasin og svært strenge restriksjonar på eksport av norsk vasskraft til Storbritannia og kontinentet.

Meir norsk gass

Medan den norske vasskrafta av ovanfor nemnde grunnar bør kome norske husstandar til gode og bli brukt på det grøne skiftet i Fastlands-Noreg, stiller det seg heilt annleis med norsk gass.

Allereie i dag dekker nemleg Noreg så mykje som 20-25 % av gassbehovet til EU og Storbritannia, og i åra som kjem, kan Noreg dekke ein endå større del av det europeiske gassbehovet, både fordi Putin har stengt kranene og fordi Noreg har potensiale for å finne mykje meir gass på sokkelen.

Derfor bør staten opne for nye leitekonsesjonar snarast mogleg. I det grøne skiftet som Europa må gjennom for å nå klimamåla sine, er det nemleg mykje betre at Europa i ein overgangsfase brukar norsk naturgass enn eige kol. Å tru at Europa kan erstatte kolkrafta (og for Tyskland sin del også atomkrafta) med eigenprodusert rein energi i løpet av 10-30 år, er nemleg som å tru på julenissen.