Vi fjernar rett nok ein del fyr- og merkemateriell, men med unntak av Svinøylinsa vil det knapt vere merkbart for andre enn dei som er særs godt kjent i museet.

Vi har saman med Dalsfjord Fyrmuseum gått gjennom gjenstandane. For ting det var to av beheldt vi ein kvar. Koppar og kar med emblemet til Fyrvesenet blir igjen i Dalsfjord, og gjenstandar med logo frå Statens hamnestell beheld Kystverket. Eksempelvis er det tre tåkeklokker i museet. Kystverket tar berre ei og let to vere igjen.

Men korleis har vi hamna her? Vi føler at saka blir forsøkt framstilt som om det er Kystverket som trekk seg ut av museumssamarbeidet og tømmer museet i Dalsfjord. Det er å snu saka på hovudet.

Museumsnettverk

Kystverksmusea er etatsmuseet til Kystverket og er organisert som eit samarbeid mellom fem sjølvstendige museumsinstitusjonar. Dette er Lindesnes fyrmuseum (som leiar nettverket), Jærmuseet, Museum Nord, Museene for kystkultur og gjenreising i Finnmark, og altså Stiftinga VITI her på Sunnmøre.

Museumsnettverket Kystverkmusea arbeider med historie, kulturminne og kulturarv knytt til fyr og seglingsmerker, hamner, farlei og kanalar, losverksemd, moderne trafikkovervaking og miljø- og sikkerheitsberedskap. Desse temaområda er til ein viss grad fordelt mellom dei ulike musea. VITI har i dette samarbeidet eit særleg ansvar for dokumentasjon og formidling av fyr- og merkevesenet, og har då nytta lokalet på skulen i Dalsfjord som ein av fleire arenaer for å løyse litt av dette oppdraget.

Det er altså VITI som er samarbeidspart for Kystverket. Kystverket synest sjølvsagt at det er leit at Dalsfjord Fyrmuseum går ut av VITI-samarbeidet og ikkje lenger ønsker å vere ein del av etatsmusea til Kystverket. Både Volda kommune med ordføraren i spissen, Kystverket og VITI har i over eit år forsøkt å finne ei løysing med Dalsfjord Fyrmuseum. Vi må berre akseptere og respektere det valet Dalsfjord Fyrmuseum har gjort ved å trekke seg ut av samarbeidet.

Fyrmuseet har gjort ein god jobb med å samle historia til fyrbygginga i Noreg, og vi hadde eit ønske om at det vart med vidare som ein del av Kystverkmusea innanfor den strukturen som er i dag. Kystverket held seg til avtalen vi har med VITI og dei andre Kystverkmusea, og vil ikkje endre dette samarbeidet eller inngå samarbeid med nye museum.

Meir enn utstillingar

Når Dalsfjord fyrmuseum har vedteke å trekke seg ut av samarbeidet med etatsmusea, må VITI i samråd med Kystverket finne nye visingsarenaer for akkurat denne delen av samarbeidet. For samarbeidet vi har med Kystverkmusea handlar om mykje meir enn berre utstillingar. Føresetnaden for å vere eit kystverk-museum og få Kystverket si delfinansiering er noko som kjem fram i dei årlege styringsbreva som etaten sender til musea i nettverket. Desse styringsbreva bygg i stor grad på nasjonal museumspolitikk. Dette inneber blant anna at:

  • Musea skal vere aktuelle og profesjonelle og utøve samfunnsrolla si

  • Musea formidlar kunnskap og opplevingar

  • Samlingane til musea skal sikrast og bli teke vare på best mogleg, og at dei gjerast tilgjengelege

  • Musea driv forsking og utviklar ny kunnskap

  • Musea skal ha fokus på vern og dokumentasjon gjennom digitalisering

Dei fire f-ane

Kystverkmusea skal altså ha ein høg museumsfagleg kompetanse slik at dei kan stette krava i dei fire f-ane innan museumssektoren; forsking, formidling, forvaltning og fornying. Formidling, som er ein av dei fire f-ane, er meir enn å berre vise fram gjenstandar på ein lokal visingsarena. Det inneber også å formidle digitalt, formidle i publikasjonar og utarbeide informasjon på Kystverket sine eigedommar, slik som fyrstasjonar, hamneanlegg og andre lokasjonar.

Mange har engasjert seg i denne saka. Felles for dei fleste har vore ei bekymring for at få eller ingen skal få sjå den fantastiske linsa frå Svinøy fyr. Det har også vore ei bekymring for at gjenstandane vi har henta blir sett på lager og at lagringa kanskje har feil temperatur og dårlege klimatiske forhold for museale gjenstandar. For å ta det siste først; våre fyr og merker og gjenstandar knytt til desse er bygd for å tole endringar i klimatiske forhold. Viss ikkje hadde vi ikkje hatt desse gjenstandane lenger. Då skal dei også tole eit lageropphald inntil ein ny visingsarena er klar. Og når den er klar så får forhåpentlegvis enda fleire sjå gjenstandane enn til no. Når det gjeld Svinøylinsa, som mange – med rette – meiner er kronjuvelen, så plasserer vi den på Alnes fyr og opplevingssenter inntil VITI har funne og etablert ein ny visingsarena ein plass på Sunnmøre. På Alnes vil då kanskje så mykje som 40 000–60 000 gjestar få sjå den flotte linsa årleg.

Men som sagt, vi vektlegg mykje meir enn talet på årlege gjestar når vi set krav til Kystverkmusea.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!