Det er òg grunnen til at vi har sett av nesten 100 millionar kroner for å styrke heimetenesta i årets budsjett.

Nye dagplassar for heimebuande med demens er undervegs, og styrking av avlastingstilbod er prioritert. Som folkevalde må vi stå i omstillingane uansett. Det er ikkje enkelt å formidle ein bodskap så tydeleg at den blir høyrd og forstått slik den er meint.

Landet er i endring

Heile landet sine velferdstenester er i omstilling. Slik og i vår kommune. Når eldrebølga kjem må vi tenke nytt. Det har vi høyrt lenge. Likevel er det eit vanskeleg tema. Landet sine utfordringar innanfor helse og omsorg vil ikkje gå over. Folk i andre europeiske land har ønskt seg vår velferd. No er det slik at vi må lære av dei. Vi kan ikkje fortsette den utviklinga vi har hatt i etterkrigstida og fram til no. Pårørande vil måtte bli meir involverte. Uansett kven som sit i regjering. Om lag 70 % av kommunen sitt budsjett går til skule og oppvekst og helse og omsorg.

Uansett kor mykje ein klarer å kutte i andre deler av drifta, er det innanfor desse to felta vi må klare å gjere dei største endringane. Som pårørande til ei mor eller ein far med demens, eller eit barn med omfattande omsorgsbeho,v er det ikkje alltid lett å sjå situasjonen i eit større perspektiv. Då er velferda og tryggleiken til den med omsorgsbehov det viktigaste. Det er ei oppleving dei fleste av oss vil ha i livet.

Ein trygg og verdig alderdom uansett

Korleis kan vi som politikarar klare å skape tryggleik og vareta både brukarar og pårørande i Ålesund kommune, samstundes med at vi skal både kutte og omstille drifta? I ei ideell verd skulle kommunen sleppe å kome i ein slik situasjon. Men det er vårt ansvar å ha eit budsjett i balanse. Om ikkje, kjem kommunen på ROBEK.

Vi les i kommentarfelta på FB at det ville vere betre å hamne på Robek, for det ville spare kommunen for økonomiske kutt. Slik er det ikkje. Kutte i budsjett må ein uansett. Det er det Statsforvalteren passar på at kommunen gjer når kommunen kjem på ROBEK-registeret. Fram til ein kjem i økonomisk balanse igjen. Kutta kjem like gjerne innanfor helse og omsorg som andre kommunalområde.

Sunnmørsposten har skrive om fleire saker kor pårørande ikkje kjenner seg varetekne. Ein les om slitne og redde pårørande og brukarar som ikkje når igjennom til kommunen. Slik skal det ikkje vere. Vi skal gjere det vi kan for å sikre folk ein trygg og verdig alderdom.

Av og til så les vi berre brotstykke av ei slik sak. Av og til er det kanskje slik at nokon slett ikkje vil ha hjelp, eller at det ikkje er søkt om det, og at ein ikkje har kjennskap nok til kommunen sine tenester. Uansett, kommunen må då gjere det enklare å få den hjelpa ein har behov for. Det siste året har vi gjort mange grep for å legge til rette for både dagens og morgondagens helse- og omsorgstenester.

I fjor styrka vi budsjett til heimetenestene med nesten 100 millionar kroner. Vi vil etablere nytt dagtilbod for heimebuande med demens på tidlegare Borgundheimen. Det er ikkje store ventelister på dagplass i dag. Velferdsteknologi er blitt meir vanleg og det er mange som nyt godt av det. Vi skal ha nok avlastningplassar og prioritere det, og det er gjort grep for å sjå på korleis vi kan arbeide smartare både i turnusarbeid, med ambulante team, og mykje meir. Det er utruleg mykje godt arbeid i kommunen.

I alle vedtak vi har gjort, har pårørande og deira velferd vore sett først, fordi vi veit dei kan bli sjuke og trenge tenester sjølve, om situasjonen er for tøff. Det er og difor vi har ein pårørandeplan og ein pårørande-koordinator. Dei pårørande skal bli varetatt og få støtte i ein krevjande omsorgssituasjon.

Vi les mykje i avisene og i kommentarfelta, og mange tek og direkte kontakt med politikarane for å få hjelp i ein fortvila situasjon. Mange opplever dei endringane vi står i som fortvilande og utrygt. Arbeidarpartiet i posisjon med samarbeidspartia ønsker sjølvsagt gode tenester for alle. Vi må klare å sikre at dei som er urolege og ikkje får god nok hjelp, faktisk blir høyrde i god tid. Slik at dei slepp å føle at det berre er via Sunnmørsposten dei kan få hjelp.

Kva skal vi gjere no?

1. Sikre eit endå betre system for pårørande å nå kommunen. Likeins gjere det enklare for pårørande å finne rette informasjonen på nettsidene våre.

2. Innføre rutinar for å sjå heilskapen rundt ein brukar og dei pårørande, og betre dialog frå byrjing til slutt. Kommunen sine ulike tilsette, pårørande, brukar, fastlege, ev. andre, som ein har fast dialog med, må ha felles treffpunkt. At alle snakkar saman er viktig.

3. Sikre at alle tilsette har god oversikta over kva tilbod som finst. Rett informasjon til rett tid er viktig.

4. Ei felles forståing blant alle tilsette for situasjonen vi er i, og kva som skal gjerast for å få sikre gode nok tenester. Arbeid for å klare å nå ut til alle tilsette vil ta tid, men er undervegs.

5. Det som gir oss aller mest grunn til bekymring, er vanskane med å rekruttere fagfolk innanfor dei ulike einingane innanfor helse og omsorg. Til dømes ser vi på ulike turnusar og ulike team for å kunne arbeide smartare og meir fleksibelt.

Når situasjonen rundt omstillingane stabilisere seg så vil vi forhåpentlegvis klare å gje innbyggjarane våre emdå betre tenester enn kva dei har hatt. Vi ser allereie slikt resultat rundt pasientar som er utskrivingsklare frå sjukehuset. Det har dei siste vekene vist. Takka vere alle dei dyktige tilsette i Ålesund kommune.