Møre og Romsdal fylkeskommune skal framleis ha nynorsk som administrasjonsspråk. Vedtaket om å halde fast på dette i Ivar Aasen sitt heimfylke, var slett ikkje plankekøyring. Språkstriden delte fylkestinget i to.

Målkampen vekkjer framleis kjensler. Både valet av nynorsk som administrasjonsspråk i ein eventuell ny storkommune rundt Ålesund og framlegget om ein språknøytral fylkeskommune har vekt sterke reaksjonar. Debatten i fylkestinget synte også dette til fulle.

Ein skal ha respekt for at folk har sterke kjensler knytt til ein så viktig identitetsmarkør som språket er. Kjensler er og må vere eit viktig grunnlag for avgjerda. Spørsmålet kan ikkje gjerast om til eit reknestykke om effektivisering og marknaden sine frie val.

Nynorsk og bokmål er sidestilte målformer i offentleg språkbruk i Norge, og har vore det i meir enn 130 år sidan det såkalla jamstillingsvedtaket i 1885. Dette vedtaket har vore heilt sentralt for nynorsken sin posisjon, men har aldri lagt konflikten død.

Nynorsken har vore under press heile denne tida. I dag er rundt 13 prosent av innbyggjarane i Norge nynorskbrukarar. Sjølv om talet på nynorskbrukarar har vore stabilt dei seinare åra, har prosentdelen vore dalande. Majoritetsspråket er tilsvarande i framgang i takt med folketalsveksten. Utan at det offentlege stilte opp for nynorsken gjennom medvitne språkval, ville nynorsken si stilling vore endå svakare. Det ville vere eit kulturelt tap for nasjonen, og ville gjort det endå vanskelegare for mange å nytte det språket dei kjenner seg heime i.

Som tilsett i ei verksemd må du vente at det vert stilt krav om kva verktøy ein skal kunne meistre. For tilsette i det offentlege er språket eit slikt verktøy. Språkvalet styrer ikkje kva val kvar enkelt av oss gjer privat.

Å gjere dette til eit personleg val for den enkelte tilsette, ville vere å overlate språkpolitikken til marknaden. Hadde vi overført dette til andre politikkområde, ville vi kunne vinka farvel til slikt som ein aktiv distriktspolitikk og inkludering av funksjonshemma.

Val av nynorsk som administrasjonsspråk er eit verdival. Dette handlar om vilje til å styre språkpolitikken og gi støtte til mindretalet sitt frie språkval. Det knappe fleirtalet syner at denne viljen er under press.