Prosjektet «Sunnmøre i framtida», som engasjerte leiarar i både kommune, næringsliv og akademia for nokre år sidan, hadde som formål å skissere ulike framtidsbilde for regionen. Kva val må vi ta i dag for å sikre at Sunnmøre blir ein av Norges mest attraktive regionar framover, med eit næringsliv som er konkurransedyktig internasjonalt, med eit blomstrande kulturliv, inkluderande bumiljø og gode velferdstenester for alle?

Alternativet kan vere ein fråflyttingstruga utkant med fallande folketal, kvinneunderskot og stor arbeidsløyse. Godt samarbeid på alle nivå, både på tvers av kommunegrenser og næringsinteresser, var det samstemte svaret på utfordringa med å sikre ei positiv utvikling. Samtidig vart det slått fast at Ålesund må ta ei klar leiarrolle i dette arbeidet.

Kan du svare? Få svar på det du lurer på om kommunereforma

I samband med kommunereforma har ordførarane i dei ti kommunane Giske, Hareid, Skodje, Sula, Ørskog, Haram, Sandøy, Stordal, Sykkylven og Ålesund underteikna ein intensjonsavtale om å etablere ein ny felles kommune, regionkommunen Ålesund. Visjonen er å skape ein attraktiv region med nasjonal slagkraft og lokal identitet. Kommunane har behov for å stå saman, for å skape motvekt mot sentralisering til dei store landsdelssentera. Nordvestlandet treng eit urbant tyngdepunkt for å unngå at regionen blir eit lite underbruk av Bergen eller Trondheim, og det er Ålesund som må ta den rolla.

Kronikk om kommunereform: Narrespel eller eit framsynt tiltak?

Mange er skeptiske til kommunesamanslåing, og meiner at interkommunalt samarbeid på ulike fagområde er ei betre løysing. Men ulempa med interkommunale selskap, er at dei ikkje er underlagt generalforsamling og demokratisk kontroll. Professor Frank Aarebrot er ein av dei som har åtvara små kommunar mot å satse på interkommunale samarbeid, nettopp fordi den demokratiske makta kan forvitre.

Dei ti ordførarane meiner det trengst ein ny sterk organisasjon for å sikre positiv utvikling, og derfor ønsker dei å gå saman i ein felles regionkommune. Dei skal ha ros for å vere framtidsretta, og ordføraren i Ålesund har tatt eit positivt leiarskap i denne saka.

Les flere saker om kommunereforma.

Det har skjedd fleire endingar som favoriserer dei kommunane som slår seg saman. Når spelereglane blir forandra, er det viktig å finne ut kva som gir det beste resultatet for innbyggarane. Intensjonsavtalen legg vekt på nærdemokrati, likeverd, berekraft og nyskaping. Kva dette betyr i praksis er førebels ganske uklart, for detaljeringa har ikkje starta enno.

Dersom kommunane i juni fattar vedtak om samanslåing, skal det settast ned ei fellesnemnd for å forme ut samarbeidet i praksis, og det blir ein viktig jobb. Men før kommunestyra skal behandle intensjonsavtalen i juni, skal innbyggarane få høve til å uttale seg. I Ålesund blir det gjennomført innbyggarundersøking, og i dei andre kommunane blir det folkeavrøysting 19. mai.

Framtida for Sunnmøre blir forma i desse dagar, og vi kan alle vere med på å påverke utviklinga.

Kronikk om kommunereform: Styrke gjennom samarbeid