Leiar 20. mai:

Jordbruksoppgjer som gir vekst

– Meir bruk av utmarka og norske gras-ressursar er bra

Leder

Staten og Norges Bondelag vart samde om ein ny jordbruksavtale, mens Norsk Bonde- og Småbrukarlag var med og forhandla lenge, men braut i siste liten. Dette er ein taktikk organisasjonen har nytta mang ein gong. Det å påverke lengst mogeleg, men å hoppe av for ikkje å bli tatt til inntekt for sluttresultatet. Avtalen går no til Stortinget for endeleg vedtak, og det er sikker praksis at Stortinget ikkje endrar på ein avtale som staten og Bondelaget er blitt samde om. Småbrukarlaget sitt forsøk på å bruke Stortinget som ankeinstans bør avvisast.

Norsk økonomi

Det spesielle ved forhandlingane og statens tilbod denne gongen var situasjonen i norsk økonomi med aukande arbeidsløyse og redusert vekst. Det har blitt teke omsyn til i resten av lønnsoppgjeret, og det er rimeleg at også jordbruket må ta slike omsyn. Statens første tilbod på 90 millionar kroner er lite i høve til kravet frå organisasjonane på 860 millionar kroner, men gjennom forhandlingar vart avtaleramma auka til 350 millionar kroner. Det viste seg igjen at det er meir lønt i forhandle enn å bryte. Ved eit brot er det i realiteten Stortinget som set ramma, og ho ville neppe ha blitt så mykje meir enn statens siste tilbod før brotet.

Inntektsauke

Den framforhandla avtalen vil gi jordbruket grunnlag for ein inntektsauke på i overkant av tre prosent neste år, og avtalen vil legge til rette for auka matproduksjon. Mange bønder har dei seinare åra gjort tunge investeringar i bygningar og maskiner, og det er viktig at desse får eit inntektsgrunnlag som kan forrente investeringane. I oppgjeret i 2014 vart det satsa sterkt på sauehaldet, og resultatet er blitt at det store underskotet på norskprodusert lammekjøt no er snudd til at Norge er blitt sjølvforsynt.

I den nye avtalen prøver ein å satse på storfekjøt. Norsk natur og norske utmarksbeite ligg godt til rette for både sau, geit og storfe, og grasressursane har vore for dårleg utnytta i høve til den aukande bruken av importert kraftfôr. Av same grunn er det gledeleg at tilskotet til beiting i utmark blir auka både for sau og storfe. Bruken av utmarka til beiting kan også bidra til betre vedlikehald av kulturlandskapet, men skog og kratt veks så raskt at ein i tillegg er avhengig av offentleg støtta kulturlandskapspleie. Det må ikkje minst kome dei fremste reiselivsområda til gode.

Mjølkekyr

Stortinget har tidlegare vedteke at alle mjølkekyr innan 2024 skal vere i fjøs der dei kan gå fritt rundt og ikkje vere bundne til ein bås. Dette kravet er så pass krevjande investeringsmessig for små bruk med gamle fjøsbygningar, at deira einaste alternativ ville ha vore å legge ned drifta. Difor har ein i jordbruksavtalen blitt samde om å utsetje lausdriftkravet i ti år til, til 2034, slik at dei som framleis har brukbare båsfjøs kan få utnytte fjøsane sine og halde fram i næringa nokre år lenger. Det er fornuftig, og kjem ikkje minst distriktsjordbruket til gode. Til gjengjeld bør ein føre eit tilsyn med at dette ikkje går for mykje ut over dyrehelsa.

At det i dei områda av landet som ligg til rette for kornproduksjon, blir satsa sterkare på det, er også positivt for sjølvforsyninga vår.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Leder