Underleder, 13.juni 2016:

Bankskøyta - eit formidabelt arbeid

DØPTE BANKSKØYTA Mange skuelystne møtte fram på dåpen av banskøyta ved Molovegen.  Foto: Bjørn Vatne

Leder

Bankskøyta «Storeggen» vart døypt i tran laurdag, og skal framover brukast til undervisning og formidling.

Det er eit formidabelt arbeid som ligg bak bygginga av bankskøyte-kopien, både når det gjeld ressursar, kunnskap, energi og pågangsmot.

Stiftelsen Kjell Holm og Stiftinga Sunnmøre Museum står bak prosjektet, og fortener takk og ære for at dei på denne måten sikrar at nye generasjonar blir kjent med båtane som forma Sunnmøres historie.