Over tre millionar britar har skreve under på eit krav om ny folkerøysting om EU-medlemskapet. Dei meiner det knappe nei-fleirtalet er blitt forført og vill-leia av demagogar på nei-sida. Tal frå det britiske statistiske sentralbyrået tyder også på at både David Cameron og nei-sida har teke feil av kostnaden ved innvandringa.

Tala viser at arbeidsinnvandrarane frå EU det siste tiåret har bidratt med 200 milliardar kroner meir i skatt til den britiske stat enn det dei har mottatt i yting frå staten. Blant EU-immigrantane er det lågare arbeidsløyse enn blant britane, og immigrantane har jamt over høgare fagkompetanse og utdanning enn dei britane som konkurrerer om same jobbane.

Her finner du flere av Sunnmørspostens ledere!

Britane treng ikkje utløyse artikkel 50 i EU-traktaten før forhandlingane om kva vilkår eit utmeldt Storbritannia vil få, er ferdig. I alle fall kan dei vente til etter presidentvalet i Frankrike i mai neste år, og parlamentsvalet i Tyskland som også er neste år. EU på si side vil garantert ikkje gå med på ein avtale som kan gjere det attraktivt for fleire land å melde seg ut.

Det kan altså skjere seg, og det kan gi britane ein angrefrist. Ein utmeldingsavtale skal også godkjennast av parlamenta i 27 medlemsland, og i følgje EU-president Donald Tusk kan det ta sju år. Leiaren for Liberaldemokratane, Tim Farron, har varsla at hans parti vil ha som hovudkrav i det neste parlamentsvalet at Storbritannia skal søkje om medlemskap i EU på nytt. Folkerøystinga var ikkje eit nei til Europa, seier han, men eit raseriutbrot mot politikarar og institusjonar som hadde svikta store veljargrupper. Kanskje er ikkje det siste ordet sagt om britisk medlemskap i EU? Uansett er det langt opp og fram.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!