Solstad har prøvd seg før åleine, men tapte den gongen. Då hadde Åge Remøy finansielle musklar som han ikkje har lenger.

Dei ni offshorereiarlaga som er noterte på Oslo Børs hadde ved årsskiftet ei samla netto renteberande gjeld på vel 70 milliardar kroner. Marknadsverdien på dei ni selskapa utgjer berre ein brøkdel. Finansmiljøa meiner at einaste løysinga er å slå saman reiarlag til større einingar, og Røkke-metoden er å gjere det med tvang.

Det er slik ein kan øydelegge den maritime klynga på Sunnmøre som har hausta så mykje laurbær gjennom åra, og som har vist seg verdsleiande når det gjeld å utvikle supplynæringa.

Noko av poenget har vore både det tette samarbeidet og den knallharde konkurransen mellom dei ulike reiarlaga og mellom reiarlaga, utstyrsleverandørane, verfta og sjøfolka når det gjeld å finne fram til forbetringar og ny teknologi som gjer klynga sine løysingar meir konkurransedyktig.

Dette miljøet kjem dei heilt frå Kina for å lære av, og å splitte det opp og flytte ut bitar av det, vil kunne svekke det. Dei som siklar rundt dette grautfatet ser at det ikkje treng gå så mange åra før marknaden tar seg opp att, kanskje ikkje like mykje opp som i gullalderen, så i alle fall så mykje at det vil vere pengar å tene. Ikkje minst bankar med langsiktige kundeforhold burde innsjå verdien av å halde miljøet mest mogeleg intakt.

No har eigarane av selskapa og leiarane sjølve eit hovudansvar for den knipa dei er komne i. Dei vart for overivrige med å kontrahere nye skip og fekk for stor gjeld. Dei var for lite sunnmøringar og lydde for lite til den gamle sunnmørske formaninga: «Hegne frå løkja». Med det vert meint at når ein opnar ei sildetynne eller ein hermetikkboks så skal ein ikkje fråtse, men starte sparinga med ein gong. Det kjem alltid ein morgondag då ein kan ha mindre.

Det er heller ikkje typisk sunnmørsk å opparbeide seg for mykje gjeld, og dagens situasjon i offshorenæringa viser at dette er sikraste måten å misse kontrollen på.

Berre den som greier å betale rekningar og avdrag i rett tid har full kontroll. «Hegne frå løkja» er eit godt råd. Start sparinga med ein gong.