Leiar 5. august:

«Ein opnare prosess for nominasjonar?»

Byrådsleiar Raymond Johansen (Ap).  Foto: NTB scanpix

Aps byrådsleiar i Oslo meiner nominasjonsprosessen må bli opnare

Leder

Byrådsleiar Raymond Johansen (Ap) i Oslo har teke til orde for at nominasjonsprosessen i norsk politikk bør bli opnare. I stortingsnominasjonen meiner han at ein på ein måte kan blåse av folkemeininga om kandidatane dersom ein greier å overtyde mange nok lokallag og fraksjonar framfor nominasjonsmøtet. Mange høgt oppe på listene er ukjende for folk, og han vil gjerne ha med fleire kjendisar på listene. I Oslo er det som kjent mange av dei.

Raymond Johansen får svar på tiltale

Oslo (NTB): Mandag tok byrådsleder Raymond Johansen (Ap) til orde for mer åpne nominasjonsprosesser i norsk politikk. De politiske motstanderne ber ham starte i eget parti.


Norges kanskje fremste samfunnsforskar, nå avdøde professor Stein Rokkan, granska i si tid nominasjonsprosessen i partia og konkluderte med at den var styrt av det han kalla «oligarkiets jarnlov». Oligarki tyder som kjent fåmannsvelde, og det var gjerne nettopp få partipampar som avgjorde kven som skulle stå øvst på listene. Ikkje minst var det tilfelle i det som i tidlegare tider var det mest sentralstyrte partiet, Arbeidarpartiet.

Det forklarer kanskje at det var nettopp Ap og merkeleg nok også Frp som røysta ned eit framlegg i Stortinget om å gi veljarane større makt til å påverke rekkefølgja på dei som blir valde inn også ved stortingsval. Opning for å kunne kumulere kandidatar også ved stortingsval vil om mange nok gjer same kumuleringa kunne skiple dei listene som nominasjonsmøta har vedteke, og der dei fremste kandidatane gjerne er bestemt av få personar.

Her finner du flere av Sunnmørspostens ledere!

Tradisjonen har vore at politikarar med ambisjonar må gjere seg fortente til høgare verv gjennom å arbeide i lokalparti og kommunestyre. No er det oftare at folk blir valde i kraft av innsats dei har gjort i organisasjonslivet og i arbeidslivet, men utan tidlegare partipolitisk forankring. Dei treng ikkje bli dårlegare politikarar for det, og det at dei er kjent, treng ikkje vere ei ulempe, men det bør heller ikkje vere noko vilkår.

Det finst mange døme i norsk politikk der såkalla kjendisar har vist seg å vere ein flopp. Det er viktigare at ein som blir valt til stortingsrepresentant er blitt kjent for innsatsen sin for veljarane sine og partiet sitt, enn at vedkomande er kjendis på førehand.

Ein opnare nominasjonsprosess og meir makt til veljarane når det gjeld å avgjere rekkefølgja på dei som blir valde, vil kanskje auke interessa for valet, og også gjere at vi får politikarar med breiare kompetanse.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Leder