Det var lenge ei oppfatning blant leiande statsvitarar i mange land at europeisk politikk gjekk i retning av eit topartisystem slik dei har det i USA og delvis også i England.

Tendensen var klar i mange land, også i Norge, men utviklinga på 1960- og -70-talet gjorde slutt på det. SF og etter 1972 SV vart skipa først og fremst som ei avskaling frå venstresida i Arbeidarpartiet.

Etter folkerøystinga om EF i 1972 etablerte Anders Lange sitt parti. Det hadde nok blitt ei døgnfluge om ikkje Carl I. Hagen hadde teke over og skapt Framstegspartiet.

På 1920-talet kom Bondepartiet som ei avskaling frå Venstre, og vart i 1950-åra Senterpartiet.

KrF var vel også i hovudsak ei avskaling frå Venstre, og vart landsparti etter krigen. Parallelt med desse har det år om anna vore etablert mange små parti som i stor grad har blitt døgnfluger fordi dei ikkje har greidd å kjempe seg til ein plass på Stortinget.

Miljøpartiet De grønne vart vald inn i 2013, og ligg for tida nokså jamt under sperregrensa. Både Rødt og Kystpartiet har vore innom Stortinget. Trenden i nabolanda våre er også at nye parti dukkar opp, og når saker med sprengkraft kjem, kan dei fort bli store, slik som Sverigedemokraterna er blitt i Sverige.

Nettopp protest mot innvandring har vore partibyggar i mange europeiske land. Lett er det likevel ikkje å bygge opp og halde liv i eit politisk parti når veljarane blir meir og meir trulause.

Innvandring og miljøspørsmål har dukka opp som mobiliseringsgrunn for nye parti. Det tar gjerne tid før dei etablerte partia greier å rigge om til å omfamne også dei nye sakene. men dei brukar å kome etter, og når også dei store og etablerte engasjerer seg, blir det gjerne vanskeleg for nyetablerte einsaksparti.

Det vil kanskje valet neste år vise.Kjem små og nye parti på Stortinget kan dei få stor makt som vippeparti, slik til dømes Miljøpartiet De Grønne har fått det i Oslo-politikken.

No er KrF i tenkjeboksen med omsyn til kva for regjeringsalternativ partiet skal støtte etter valet. Spådomar går ut på at partiet kan kome til å støtte ei Ap-regjering. I så fall kan det nok bli brot med Venstre.

Det blir også spekulert i om dei tre sentrumspartia KrF, Venstre og Sp samla kan tenkje seg å gå saman med Ap i ei regjering. Lysta til ein slik koalisjon er neppe stor korkje i Ap eller i Venstre, men vippeposisjonen er attraktiv. Då kan ein tvinge igjennom mange standpunkt som det reelt sett ikkje er fleirtal for, eller stanse eller trenere reformer som det reelt sett er fleirtal for.

Det som er nokså sikkert er at eit vilkår for regjeringsmakt etter valet neste år vil handle om å kunne framvise eit tydeleg og styringsdyktig regjeringsalternativ.

Ikkje minst sakene som kjem til å dominere i valkampen kan få mykje å seie i så måte. Før siste val var det mange som tvilte på at Framstegspartiet kunne overleve som regjeringsparti, men partiet har stort sett greidd å tilpasse seg utan avskaling.

SV sleit mykje meir i den raudgrøne regjeringa, og har nok med å overleve. Heller ikkje Venstre og KrF er fjernt frå sperregrensa. Mangt kan skje.