I starten fekk kommunane overført 560 millionar kroner frå sjukehusa for å lage eit tilbod til dei utskrivingsklare. Desse millionane må ha dunsta bort. Frå 2012 til 2014 betalte norske kommunar 460 millionar kroner i slike dagbøter. Riksrevisjonen har funne ut at liggetida ved sjukehusa har gått litt ned, men til gjengjeld klagar 80 prosent av fastlegane over at pasientar blir utskrivne for tidleg.

Kven som har størst skuld er ikkje godt å seie, men det er kommunane som får rekninga.

Hittil i år har Ålesund kommune betalt sju millionar til helseføretaket. Ålesund sjukehus har ein auke på over 200 prosent i talet på overliggardøgn samanlikna med første halvår i fjor. Det har lenge vore hevda at Ålesund kommune har stor underdekning når det gjeld sjukeheimsplassar og korttids avlastingsplassar, og resultatet er blitt at både dobbeltrom og fleirpersonsrom er i ferd med å bli regelen. Det var den løysinga som Stortinget definerte som uverdig.

Her finner du flere av Sunnmørspostens ledere!

Når den nyrenoverte sjukeheimen på Åse står ferdig vil det bli eit flott og verdig tilbod for 32 pasientar i enkeltrom, men det er til lita hjelp for dei som ikkje får plass der. Opplagt må kommunen også ruste opp Borgundvegen 199, og kanskje også utvide kapasiteten på andre institusjonar. Dette gjeld også andre kommunar som slit med å ta unna dei utskrivingsklare pasientane, og som brukar sårt tiltrengte kommunekroner for å betale seg ut av det som vel eigentleg er eit teikn på armod.

Fleire statlege pengar må inn i systemet.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!