Forbrukarrådet har i fleire samanhengar ropt varsku om matsituasjonen for eldre ved norske sjukeheimar. Tal frå Helsedirektoratet tyder på at nærare seksti prosent av eldre brukarar av kommunale tenester er underernærte, eller står i fare for å bli det. Det er svært alvorleg.

I fjor undersøkte Forbrukarrådet matomsorga ved sjukeheimar landet over, og fann at berre 42 prosent meiner at norske sjukeheimar tek mat og ernæring på alvor.

God matomsorg betyr at dei eldre får smakfull, næringsrik og delikat mat.

I samband med rapporten «Appetitt på livet» i fjor måtte Forbrukarrådet jobbe hardt for å finne døme på sjukeheimar som tok matomsorg på alvor.

Åse sjukeheim i Ålesund var mellom dei som fekk seg ein kraftig vekkar i fjor då det viste seg at mange av bebuarane var underernærte. Det vart starten på eit matprosjekt som ein no ser gode resultat av. Styrar Ann-Kristin Grindvik Nilsen fortel til Sunnmørsposten at dei oppdaga at måltida på sjukeheimen kom altfor tett. Dei eldre rakk rett og slett ikkje å bli svoltne etter frukosten når middagen vart servert kl. 13.00, og det var litt for mykje kakeservering i løpet av veka. Ved å satse på varm lunsj og seinare middag har ein oppnådd mykje. Etter nokre månader med ny ordning viser det seg at fleire av bebuarane har lagt på seg og har det betre.

Underernæring og feilernæring aukar risikoen for at eldre får andre sjukdommar, blir meir pleietrengande og får svekka sin livskvalitet. Derfor er det så viktig at kommunar og sjukeheimsleiing tek dette problemet på alvor, og gjer noko med det.

Både bebuarar, pårørande og tilsette har vore med på omlegginga ved Åse sjukeheim, og prosjektet har påverka både rutinar og turnusar for dei tilsette. Dei gode erfaringane frå Åse sjukeheim kan inspirere andre kommunar og sjukeheimar til å finne gode løysingar for sine bebuarar. I tillegg til at omlegginga har gitt helsegevinst, har den også gitt økonomisk gevinst. Matprosjektet har ført til at det blir kasta mindre mat, og det viser igjen på budsjettet. Mat er meir enn ernæring, det er også kjelde til trivsel, sosialt fellesskap og aktivitetar, og derfor er det positivt å kunne løfte fram dei gode døma.