Riksrevisjonen sin dom over styresmaktene sitt arbeid med tunneltryggleik er nedslåande, men dessverre er den ikkje overraskande. Gapet mellom kva som må til og ressursane har lenge vore skremmande stort.

Med dagens tempo på oppgradering og andre tryggleikstiltak er det allereie klart at vi ikkje vil kome i mål innan fristane som er sett. Endå verre er det at sjølv om tempoet skulle bli kraftig akselerert, er det berre eit tidsspørsmål før vi på nytt ser dramatiske tunnelulykker.

Ein kan ikkje gardere seg mot alle ulukker langs norske vegar. Slik er tunnelane ikkje i noko særstilling. Men i høve til enkelte ulukker, til dømes brann i eit køyretøy, er risikoen for ein alvorleg utgang høgre om det skjer i ein tunnel.

Difor er det ekstra nedslåande at undersøkinga til Riksrevisjonen slår fast at det ikkje er utført brannøving i halvparten av dei 41 undersøkte tunnelane. Her er det dessverre også store regionale skilnader, og Region midt kjem særs dårleg ut.

Ein kan her ikkje skulde på manglande ressursar men ei altfor utydeleg ansvarsavklaring. Når tunnelforvaltarane og brannvernet peikar på kvarandre, er det eit overordna ansvar å sørge for å gi klar beskjed.

Det vil heller ikkje kome som eit sjokk at vi er langt frå mål når fristen som er sett i EU-forskrifta om tunneltryggleik blir passert om to og eit halvt år. Det er snakk om milliardbeløp som i dag ikkje finst i budsjetta.

At vi ikkje kjem i mål i tide, må ikkje hindre oss i å setje opp tempoet kraftig. Dei alvorlege tunnelbrannane vi har opplevd dei seinare åra viser at vi snarast må opp på oppløpssida. Av omsyn til risikoen for alvorlege ulukker, har vi ikkje råd til å snuble si siste sving. Riksrevisjonen sin rapport bør vere ein vekkjar for dei ansvarlege politikarane.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!