Leiar 7. september:

«Tempoet i tunnel-trygginga må opp»

Tunnel strekningsmåling: I Ålesundstunnelene er det innført strekningsmåling av hastighet. Vil det redusere tallet på ulykker, spør Kolbjørn Rørstad. Foto: Staale Wattø 

Det vil heller ikkje kome som eit sjokk at vi er langt frå mål

Leder

Riksrevisjonen sin dom over styresmaktene sitt arbeid med tunneltryggleik er nedslåande, men dessverre er den ikkje overraskande. Gapet mellom kva som må til og ressursane har lenge vore skremmande stort.

Med dagens tempo på oppgradering og andre tryggleikstiltak er det allereie klart at vi ikkje vil kome i mål innan fristane som er sett. Endå verre er det at sjølv om tempoet skulle bli kraftig akselerert, er det berre eit tidsspørsmål før vi på nytt ser dramatiske tunnelulykker.


Skredfare mellom Eidsdal og Geiranger:

Bilistene får 30 sekunder på å rømme unna Grandefonna

Ny skredvarsling vil gi bilistene 30 sekunder til å komme seg unna Grandefonna. – Kan virke stressende, erkjenner samferdselssjefen.

Årleg er det 25 brannar og 15 branntilløp i gjennomsnitt fordelt på dei 1.130 tunnelane i landet. Kvar av desse er potensielt livstrugande for folk som kjem inn i tunnelen. I tillegg har vi mange andre trafikale hendingar som skaper farlege situasjonar.

Ein kan ikkje gardere seg mot alle ulukker langs norske vegar. Slik er tunnelane ikkje i noko særstilling. Men i høve til enkelte ulukker, til dømes brann i eit køyretøy, er risikoen for ein alvorleg utgang høgre om det skjer i ein tunnel.

Difor er det ekstra nedslåande at undersøkinga til Riksrevisjonen slår fast at det ikkje er utført brannøving i halvparten av dei 41 undersøkte tunnelane. Her er det dessverre også store regionale skilnader, og Region midt kjem særs dårleg ut.

Ein kan her ikkje skulde på manglande ressursar men ei altfor utydeleg ansvarsavklaring. Når tunnelforvaltarane og brannvernet peikar på kvarandre, er det eit overordna ansvar å sørge for å gi klar beskjed.


«E136 – ut i Europa»

Mange er opptatt av E136, vegen som går fra Dombås til Ålesund, og som er en av de viktigste vegene i Møre og Romsdal.

For den som har følgt litt med i norsk samferdsledebatt er det dessverre inga overrasking at det står dårleg til. Etterslepet på vegvedlikehaldet er formidabelt, og kravet til oppgradering av tunnelane veg tungt i dette.

Det vil heller ikkje kome som eit sjokk at vi er langt frå mål når fristen som er sett i EU-forskrifta om tunneltryggleik blir passert om to og eit halvt år. Det er snakk om milliardbeløp som i dag ikkje finst i budsjetta.

At vi ikkje kjem i mål i tide, må ikkje hindre oss i å setje opp tempoet kraftig. Dei alvorlege tunnelbrannane vi har opplevd dei seinare åra viser at vi snarast må opp på oppløpssida. Av omsyn til risikoen for alvorlege ulukker, har vi ikkje råd til å snuble si siste sving. Riksrevisjonen sin rapport bør vere ein vekkjar for dei ansvarlege politikarane.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!