Leiar 16. september:

«Ny strynefjellsveg viktig for Sunnmøre»

Teikning: Statens vegvesen 

TØI meiner heilårsveg til Geiranger kan doble omsetninga i turistbygda

Leder

Det er gledeleg at Statens vegvesen no tilrår at det blir bygd ein 16,6 kilometer lang tunnel frå Skåre i Stryn til Breidalen på Strynefjellet som erstatning for dei gamle og smale tunnelane på Rv. 15 i dag. Den nye tunnelen får tre felt og er kostnadsrekna til 3,8 milliardar kroner. I tillegg har vegvesenet gått inn for å bygge ein sidetunnel til Opplendskedal i Geiranger på 7,6 kilometer til ein kostnad på 1,6 milliardar kroner. Begge desse vegane vil få avgjerande verknad for næringslivet både i Nordfjord og på Sunnmøre.


Tilrår lang tunnel på Strynefjellet

Statens vegvesen tilrår at det blir bygd ein 16,6 km lang tunnel frå Skåre i Stryn til Breidalen på Strynefjellet, og ein 7,6 km lang sidetunnel til Opplendskedal ved Geiranger.

Den nye tunnelen kopla saman med Kvivsvegen vil kunne gi det raskaste ferjefrie sambandet til Austlandet for næringslivet både i Nordfjord og på Søre Sunnmøre. Transportøkonomisk Institutt har då også rekna ut at tunnelen vil ha størst positiv effekt for næringslivet på kysten. I dag skjer mykje av varetransporten via Romsdalen, sjølv om Strynefjellet er kortare veg. Ottadalen treng også betre veg, og frå Otta og sørover er E6 alt vedteken og snart gjennomført utbygd.

Riksveg 52: Glad for at Hemsedalsfjellet blir hovudveg til Austlandet

For Geiranger og reiselivet vil sidearma til Opplendskedalen vere det same som heilårssamband austover. Ein slepp unna vinterstenginga på Geirangerfjellet, og kan ha heilårs turistsesong. Dette vil styrke busettinga i Geiranger og sikre vidare vekst og økonomi for reiselivet. Transportøkonomisk institutt meiner at sidearma til Geiranger vil kunne gi 60.000 nye overnattingar i verdsarvbygda, og ei dobla omsetning. Berre det i seg sjølv burde vere argument godt nok for å bygge denne vegen. Sidetunnelen vil også gjere Strynefjelltunnelen sikrare, fordi han kan fungere som rømmingsveg.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!

No gjeld det at politikarar og næringslivsfolk på alle nivå både i Nordfjord og i Møre og Romsdal og i Oppland samlar seg om å få dette prosjektet inn på Nasjonal Transportplan (NTP) aller helst i første periode. Dei burde ikkje mangle argument. Møre og Romsdal er det nest største eksportfylket i landet, og er leiande på det meste som har med havet å gjere. Den regionale effekten av ein ferjefri veg langs Vestlandet blir viktig, men det er også viktig med ein sikker og alltid open veg til Austlandet. Det er mange som vil inn på NTP, men argumenta for ny strynefjellstunnel og heilårsveg til Geiranger burde slå det meste.

Her finn du fleire av Sunnmørspostens leiarar!