Debatten går over heile landet om kva region ein helst vil høyre til. Regjering og storting har signalisert ein reduksjon frå dagens 19 fylke og ned til 10.

Desse 10 regionane vil bli dei nye fylka, og mest truleg vil dei også bli framtidige valkrinsar.

Det krev grunnlovsendring og vil derfor neppe bli aktuelt før valet i 2025.

Dei nye fylka blir ikkje fylkeskommunar, men må vel ha folkevald forsamling. Det mest naturlege er kanskje at det er kommunane som blir representert i ei slik forsamling, slik det var før 1975.

Volda-ordførar og professor Jørgen Amdam har avgjort eit poeng når han til NRK seier at han trur det blir vanskeleg for Møre og Romsdal å få halde fram som eige fylke eller eigen region.

Å vere ein miniregion saman med gigantar som har over ein million innbyggarar, gir ikkje store makta, og endå mindre makt blir det om fleire kommunar på Nordmøre blir ein del av Trøndelag.

Den store vestlandsregionen med Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane kan kome til å sprekke, trass i at fylkesordførarane har skrive under intensjonsavtale.

Avtalen skal godkjennast av dei tre fylkestinga, og i Rogaland er det neppe fleirtal. Der er det ei viss stemning i retning av å slå seg saman med Agder-fylka.

Då vil ein bryte rivaliseringa mellom Bergen og Stavanger.

Den eininga som då blir att på Vestlandet vil passe som hand i hanske for i alle fall Sunnmøre. Då gjenoppstår det gamle Bjørgvin stift, og det er ein tradisjon som mange sunnmøringar kjenner seg heime i.

Det som er nokså utenkjeleg er at Sunnmøre skal bli ein del av Trøndelag. Korkje tradisjon, kultur eller lynne gjer dette til ei naturleg løysing. Då blir det i tilfelle tvang.

Noko av poenget med ei regionreform må sjølvsagt vere å flytte grensene også for dei statlege etatane slik at dei passar til dei nye regionane.

Aller helst burde regionane ta over fleire av oppgåvene til slike statlege direktorat.

Det er kome krav om at dei regionale fylka også bør ta over ansvaret for sjukehusa.

Det kjem neppe til å skje. Både sjukehusa og pasientane er best tente med at det er staten og Stortinget som sit med det ansvaret.

Neste vår kjem krava frå fylkeskommunane om nye oppgåver til dei nye fylka.

Det vil avgjere om denne regionreforma blir noko anna enn eit slag i lufta.