Denne veka firte offshorereiar Åge Remøy firmaflagget utanfor hovudkontoret til Rem Offshore i Fosnavåg. Selskapet er no historie. Samstundes flagga den av-troppande reiaren at han er villig til å satse på nytt.

Generalforsamlinga i selskapet mandag markerte slutten på eit oljeeventyr som starta på slutten av 90-talet med kontraheringa av seismikkskipet «Rem Angler». Nær 20 år og 34 kontraheringar seinare vart reiarlaget treft av bølgja etter oljeprisfallet.

I kampen om å berge kontrollen over selskapet, måtte Remøy gi tapt etter eit fiendtleg raid. Aksjonærane i Rem Offshore blir med vidare som eigarar i Solstad, men den lokale styringa er tapt.

Dette er ein lagnad som trugar fleire. Remøy syner at slaget ikkje treng vere tapt.

Kampen om lagnaden til fleire av dei lokale offshorereiarlaga er knallhard. Tungt lasta med gjeld og effekten av massive overkontraheringar slit reiarlaga i tøff motbør etter fallet i oljeprisane og oljeinvesteringane.

Rem var eitt av dei utsette reiarlaga som var kome lengst i arbeidet med refinansiering då dei måtte sjå seg slått av overmakta.

Næringa kan ikkje gå vidare utan ei opprydding i selskapsstrukturen og flåten.

Nokre reiarlag vil forsvinne og nokre fartøy vil bli skrota.

For reiarlaga er dette den harde verkelegheita.

For Nordvestlandet handlar dette om å behalde eller å tape navet i den maritime klynga. Forsvinn hovudkontora og styringa frå regionen, blir eit viktig band mellom hav, bedding, teiknebrett og utstyrsleverandør svekka.

I dette perspektivet er det særs viktig at nokon syner at dei er villige til å ta opp hansken, åleine eller helst i nye alliansar. Saman med medinvestorar legg Remøy no ein halv milliard på bordet, og siktar seg inn mot ein ny opptur i næringa, slik også Solstad Offshore gjer.

Om dette er starten på eit nytt eventyr, er det altfor tidleg å seie noko om, sjølv om mange meiner at det er eit gunstig tidspunkt å satse på.

Det er framleis skjer i sjøen, og det kan ta tid å kome seg ut av bølgedalen.

Viljen til å satse på nytt er likevel eit viktig signal om ei gryande optimisme.

Det same er bodskapen frå Remøy, både no og tidlegare, om at lokal kapital må finne saman.

Kanskje går ikkje alle saman i same båt, men nye alliansar må skapast.