Det er vel tre veker til presidentvalet i USA, og det blir meir og meir sikkert at den republikanske kandidaten, Donald Trump, ikkje kan vinne. Nettavisa Huffington Post har ei prognose som fredag viste at det er 91,2 prosent sikkert at Hillary Clinton vil bli den første kvinnelege presidenten i USA, mens det er 8,7 prosent sannsynleg at Donald Trump vil bli president. Bortimot ei heil verd vil sukke letta om det går slik. Som den republikanske strategen som var leiar for Marco Rubio sin kampanje, uttalte:

– No er det over. Den einaste gode nyheita er at Trump etter valet vil gå tilbake til berre det å vere ei tidlegare realitystjerne, og republikanarar over heile USA vil sleppe å bli bedt om å svare for dumskapen hans.

Her finner du flere av Sunnmørspostens ledere!

Mykje dumskap har det vore. I svært avgrensa grad har amerikanarane blitt opplyst om kva for ein politikk ein Trump som president vil føre. I staden har det vore skitkasting særleg mot Hillary Clinton. Ein skal leite ei stund bakover for å finne ein meir negativ valkamp, og amerikanarane bør nok drøfte både korleis ein så useriøs person kan vinne ein presidentnominasjon, og kva tiltak som må til for å auke seriøsiteten. Dei amerikanske partia er relativt lause organisasjonar som er lite aktive mellom vala, og det hadde kanskje vore ein fordel med strammare organisering?

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!