Leiar 17. oktober:

«Taper kraft utan den lokale kapitalen»

Rem-lokala i Fosnavåg er no eit lokalkontor for Solstad Offshore med ansvar for drift av PSV-flåten. 

Ei viktig drivkraft i utviklinga er lokale kapitaleigarar

Leder

Fredag var den store skattelistedagen. Ikkje overraskande synte den at dei store eigarane i offshorereiarlaga har fått juling. Likningsformua er halvert på eitt år. Til neste haust er truleg tala endå verre.


Lokale offshore-formuer i fritt fall

På papiret er sunnmørske offshoreformuer er redusert med en milliard på bare ett år. Frykten er at det fører til tap av lokalt eierskap, noe som kan skade både den maritime klynga og lokalsamfunn.

Samstundes kjempar reiarlag for å overleve som lokalt eigde og lokalt styrte bedrifter. Rem Offshore har alt gitt tapt, og fleire står i fare for å gå same vegen. Både tap av kapital og styring er svært alvorleg for langt fleire enn dei som kjenner dette på si lommebok.

Lokale kapitaleigarar og industribyggjarar på Nordvestlandet har i mange tilfelle også vore viktige samfunnsbyggjarar som har sett merkje etter seg i sine lokalsamfunn. For denne regionen kan det verte eit stort tap om eigarskapet til lokale bedrifter blir flytta til London eller Aker Brygge.

Spora etter dei lokale kapitaleigarane er særleg synlege på stadar som Ulstein og Fosnavåg. Dei siste tiåra har desse tettstadane hatt ei enorm utvikling, med nye kulturhus, hotell, forretningsbygg og sentrumsgater.


Ei viktig drivkraft i utviklinga er lokale kapitaleigarar som reinvesterer i eiga verksemd eller i anna verksemd i sine lokalsamfunn. Det handlar i liten grad om milde gåver, men investeringar som er gjort med grunnlag i den kunnskapen dei har om lokale forhold, kanskje ispedd ein liten drope patriotisme.Sjølvsagt skaper store bedrifter ringverknader lokalt om aksjeeigarane sit i London eller Oslo også. Når det går godt for Vard og Rolls-Royce sine verksemder i vår region, dryp det også på alt frå lokale underleverandørar til daglegvarebutikken og frisøren.

Her finner du flere av Sunnmørspostens ledere!

Når det kjem til nye investeringar, har likevel kapitaleigarar i London eller Genova eit heilt anna perspektiv enn den som har vakse opp på Remøya, Ikornnes, Haddal eller Nørve. Dei er ikkje styrt av same lokalkunnskap og patriotisme, og dei vil i større grad flytte kapitalen dit avkastinga er størst.


Lokal investorgruppe sikrer finansavtale for Olympic

Remøy glad for maritim støtte

Lokale investorer skyter inn 500 millioner kroner, hvorav 400 millioner er frisk kapital, melder Olympic i en pressemelding fredag.

Difor er det grunn til å vere urolege om den lokale kapitalen forvitrar eller at kontrollen med lokale verksemder glepp ut av landsdelen. Vi kan ynskje så mykje vi vil å vere eit kraftsentrum mellom Bergen og Trondheim, men utan kapitaleigarar som har evne og vilje til å satse her, vil den regionale krafta renne ut.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Leder