Rundt 30.000 soldatar har denne veka starta krigen for å jage Den islamske staten (IS) ut av Iraks nest største by, Mosul. Det var i denne byen IS kunngjorde kalifatet sitt, og som dei ekstreme islamistane reknar som hovudstaden sin. Sidan det neppe er meir enn mellom 3.000 og 8.000 IS-krigarar som forsvarer byen, er dei fleste militærekspertar samde om at det berre er snakk om tid før IS er nedkjempa. Kanskje greier IS gjennom å føre ein slags bygeriljakrig i denne millionbyen å strekkje kampane over til neste år. I mellomtida trur ekspertane at kampane vil føre til ein ny, stor flyktningstraum som også vil føre til nytt press mot Europa.Sjølv om IS blir slått og Mosul blir frigjort, så er det mange rivaliserande grupper som kjempar om å fylle det politiske tomrommet. Fleire irakiske grupper vil kjempe om makt, og også Tyrkia og Iran vil ha eit ord med i laget. Tyrkiske styrkar er no aktivt inne i kampen om Mosul. Den irakiske regjeringa kallar det invasjon, og vil ha tyrkarane ut. Det same vil dei kurdiske gruppene som kjempar for å etablere eit sjølvstyrt område i det oljerike Nord-Irak. Det er mange som fryktar at når IS er jaga ut av Mosul så er det fritt fram for andre grupperingar til å kjempe om makta i byen.

Sjølv om IS taper Mosul, så er den ekstreme muslimske og valdelege organisasjonen på ingen måte utrydda. Mellom anna er det sannsynleg at fleire valdelege IS-krigarar vil returnere til Europa for å drive med terror der. Mosul har vore i hendene på IS sidan juni 2014, og heile denne perioden har IS halde 1,5 millionar innbyggarar som gislar. Mange har blitt drepne, mange har flykta og kan fortelje om eit valdsprega hardstyre utan like. Fleire triste historier vil nok bli avdekka når Mosul blir frigjort. Dei grupperingane som no frigjer Mosul er langt frå samde om kva som skal skje etterpå, og krigen vil nok halde fram, og der stormaktene saman med Iran og Tyrkia kjem til å kjempe om det som kan bli ein fredsavtale for heile dette området, men der ein fred i Syria er det viktigaste. Risikoen er stor for at det kan ta fleire år, og risikoen er også stor for at IS vil etablere seg i andre område i Midtausten og drive terror derifrå. IS blir nok nedkjempa i Mosul, men ikkje for godt