Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen har avblåst den såkalla laurdagsavis-krisa, og hevdar at den nye distribusjonsordninga er under kontroll. Det må bety at han er dårleg orientert om korleis det står til rundt om i landet. Frå mange hald har det kome rapportar om store vanskar med avisleveringa sist helg, i samband med at ein ny aktør tok over distribusjonen. Svært mange abonnentar på Nordvestlandet vart råka, og frustrasjonen i mange bygdelag er stor.

Problemet er at konsesjonen som Samferdselsdepartementet har gitt til logistikkfirmaet, ikkje er like omfattande som den tenesta Posten har utført tidlegare. Det fører til at ein del laurdagsaviser ikkje kjem fram til abonnentane. Årsaka er mellom anna nye innleveringstider og lange transportavstandar. Dersom tilbodet ikkje blir betre enn det som vart vist sist laurdag, er det nettopp distribusjonen i Distrikts-Norge som blir skadelidande.

Det er Samferdselsdepartementet som har ansvar for å stille krav og utforme tenestekonsesjonen. For å kunne løyse eit problem, må ein først erkjenne at det finst. Derfor er det avgjerande at dei vanskane som omlegginga har skapt blir kjent, slik at aktørane kan finne gode løysingar framover.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!