Leiar 23.november, 2016:

«Det handlar om å legge til rette det politiske arbeidet»

Døra til kommunestyret må opnast for fleire.

Det må vere råd også for folk med krevjande oppgåver utanfor politikken å delta

Leder

For kvar gruppe i befolkninga som ikkje er representert i folkevalde organ, så er det eit tap for representativiteten i demokratiet.

Mange grupper er underrepresenterte, og det går altfor langsamt å endre på dette.

I Sunnmørsposten i går stod varaordførar Aina Strand (34) i Skodje fram med si historie.

Ho følte at ho ikkje lengre makta å kombinere vervet i lokalpolitikken med rolla som fulltidsarbeidande småbarnsmor.

Etter eitt år enda ho opp med å søkje fritak frå alle politiske verv.

Strand representerer ei av gruppene som lokalpolitikken slit med å trekkje til seg; aktive kvinner med barn i småbarnsalderen.

Ho er kanskje ei av dei få som ender opp med å søkje fritak, men svært mange lar vere å stille opp eller gir seg etter kort tid.

Representativitet er eit viktig prinsipp. Personar i ulike livssituasjonar, med ulik livserfaring og ulik bakgrunn vil ha ulike meiningar om korleis saker skal løysast og korleis ressursane skal prioriterast.

Om store veljargrupper er underrepresentert, kan det også gå ut over valdeltakinga i desse gruppene.

Folkevalde organ bør spegle befolkninga som har valt dei.

Dette er viktig for både kvalitet og politisk tillitsbygging.

Når grupper av folket er underrepresenterte, manglar dei ei røyst i politikken og politikken manglar deira erfaringsgrunnlag for sine vedtak.

I tillegg til unge vaksne, funksjonshemma, seniorar, kvinner og innvandrarar generelt, gjeld dette småbarnsforeldre, studentar og sjølvstendig næringsdrivande spesielt. Den typiske lokalpolitikaren er grovt sagt ein mann mellom 41 og 60 år med jobb i det offentlege.

Partia har eit stort ansvar når det gjeld å balansere sosial og etnisk representativitet i sine nominasjonsprosessar.

Utan at partia er aktive og medvitne på denne delen av si rolle, er kappløpet tapt for desse gruppene utan at dei har fått høve til å stille til start.

Men dette handlar også i stor grad om å legge til rette det politiske arbeidet slik at fleire kan delta, og kombinere si deltaking i politikken med eit aktivt liv på andre felt.

To av tre kommunepolitikarar blir skifta ut ved kvart val. Ein tredel av dei som sjølv gir seg i politikken, opplyser at det er tidsbruken på politisk arbeid i konkurranse med jobb, familie og fritidsaktivitetar som er den viktigaste årsaka.

Skal vi utvikle lokaldemokratiet i takt med samfunnsutviklinga elles, må vi sørge for å gi rom for dei gruppene som i dag er svakt representerte.

Skal vi klare dette, må vi legge til rette den politiske aktiviteten.

Det må vere råd også for folk med krevjande oppgåver utanfor politikken å delta.

Vi kjem nok aldri unna at lokalpolitikk vil ha eit sterkt innslag av dugnad, men det treng ikkje å bety at lange kveldsmøte er einaste løysinga.

Slike møtetidspunkt er eit effektivt hinder for mange småbarnsforeldre.

Møte på dagtid og strammare møtedisiplin kan i kombinasjon med frikjøp frå arbeid vere ei løysing.

 Vi må akseptere at politisk arbeid har også ein pris, og at fellesskapet i større grad enn i dag tek sin del av rekninga.