Bakteriar blir antibiotikaresistente. WHO, Verdas helseorganisasjon har kalla antibiotikaresistens for den største globale helsetrusselen i vår tid. Det at Alexander Fleming i 1829 fann fram til penicillin, gjorde at vi gradvis kunne kurere sjukdommar som før stort sett hadde medført døden.

Store epidemiar som tuberkulose vart knekt ved bruken av antibiotika som penicillin. Seinare er det utvikla mange andre antibiotika som effektivt tar knekken på bakteriesjukdommar, men det har vist seg at over tid blir bakteriar motstandsdyktige mot antibiotika, og då får medisinen ingen effekt.

Professor fra Ålesund: Får pris for antibiotika-forskning

Bakteriane finst over alt, både hos dyr og menneske, i maten, i jorda og i drikkevatnet. Nokre få av dei kan gjere oss sjuke, og ofte blir vi friske ved hjelp av kroppen sitt eige forsvarsverk, men i alvorlege tilfelle kan antibiotika vere einaste redninga. For å unngå at stendig fleire bakteriar blir motstandsdyktige mot antibiotika, må vi redusere bruken.

Greier vi ikkje det, meiner WHO at vi risikerer at 10 millionar menneske innan 2050 vil kome til å døy av mangel på antibiotika som har effekt.

Norge har som mål å redusere bruken av antibiotika til menneske med 30 prosent, til matproduserande landdyr med minst 10 prosent, og kjæledyr med minst 30 prosent målt mot forbruket i 2013. Det norske forbruket har då også gått ned, i Møre og Romsdal med 10 prosent og i Sogn og Fjordane med 15 prosent. Det er likevel ikkje nok. Vi ligg på 11.-plass i Europa, og både Danmark og Sverige er betre enn oss. Også bruken av antibiotika på dyr er altfor høg, men det er mange land som brukar mykje meir enn vi gjer her i landet, og multiresistente bakteriar i mat er eit stort problem.

Hittil manglar verda alternativ til antibiotika, men det er kanskje den største klappjakta forskarane i verda driv med for tida, å jakte på alternative stoff som kan brukast til å ta knekken på sjukdomsframkallande og iltre bakteriar. Over alt, i havet og på landjorda leitar dei, og kanskje finn dei ein hittil ukjent soppart som har tilsvarande eigenskapar som den muggsoppen, Pennicillium notatum, som Alexander Fleming utforska i 1929?

Så lenge vi er friske utgjer ikkje multiresistente bakteriar nokon fare for helsa vår. Risikoen melder seg når vi blir sjuke eller når vi treng ein operasjon.

I dag har vi eit stort overforbruk av antibiotika. Det er til dømes dokumentert at 40–50 prosent av sjukdomstilfelle der det blir brukt antibiotika, eigentleg er virusinfeksjonar som antibiotika ikkje verkar på. Målet om ein reduksjon i forbruket på 30 prosent innan 2020 må vi prøve å nå.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!