Norge er framleis eitt av landa i Europa med det høgaste talet på dødsfall av overdosar, betydeleg høgre enn våre nordiske naboland. Slik har det vore lenge. Det kan ikkje bety anna enn at vi gjer noko alvorleg feil.

Kanskje den aller største feilen vi gjer, er at vi snur ryggen til problemet og dei menneska dette gjeld. Om vi samanliknar den merksemda dødsfall i trafikken har både i den offentlege debatten og i budsjetta, er dette tydeleg.

Stramma inn på skjenkinga: Stenger kranene klokka 02.00

Kvart år døyr nær 300 av narkotika i landet vårt, rundt 80 prosent av desse av overdosar. Talet er stabilt høgt. Til samanlikning døydde 125 personar i trafikken i fjor, eit historisk lågt tal etter tiår med systematisk, førebyggjande arbeid.

Bystyret i Ålesund handsama sist veke den ruspolitiske handlingsplanen. I den offentlege debatten har det meste handla om forslaget om å innskrenke skjenketida for utestadar.

Tiltaka som no er vedtekne, er i seg sjølv viktige, men minst like viktig er Langva si påminning om at også Ålesund er ein by med rusmiddelavhengige utan noko tilbod. Eller som ho seier: «Disse finnes, hvis vi bare ønsker å se dem»

Nøkkelen til suksessen i arbeidet med å redusere talet på dødsoffer i trafikken, er at det har vorte satsa langsiktig og med eit breitt spekter av tiltak. I botnen av satsinga har vi hatt visjonen om at vi ikkje skal ha dødsfall i trafikkulukker.

Det viktigaste er likevel at vi ser misbrukarane som medmenneske med eit alvorleg helseproblem og krav på eit verdig liv. Det må også få konsekvensar for både kva tiltak vi vel og kor mykje vi satsar på å oppnå resultat. Vi må slutte å kle oss med moralen som rustning og snu ryggen til problemet.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!