Om vi steller oss bra kan vi sjå endå større vekst framover.

Verda treng mat. Som eit resultat av befolkningsveksten og auka kjøpekraft i ei veksande middelklasse, som er meir og meir opptekne av eit sunt kosthald, vil etterspørselen etter fisk auke. Som verdas nest største fiskeeksportør har vi her ei nøkkelrolle.

Vi har all grunn til å kunne lukkast i å fylle denne rolla på ein god måte. Særleg innan oppdrett ligg det til rette for vidare vekst i volum.

I fjor eksporterte vi sjømat for over 90 milliardar kroner. Det er ein verdivekst på heile 23 prosent på eitt år. Ei svak norsk krone er ei viktig årsak til dette formidable spranget i eksportverdi, men forklarar ikkje den langsiktige trenden.

År etter år har vi hatt sterk vekst og sett nye rekordar, også gjennom periodar med ei sterk krone. Eksempelvis var eksportverdien for ti år sidan i overkant av 35 milliardar og i 1996 på rundt 22 milliardar.

Lite tyder på at denne trenden brått vil endre seg. Ei eksportnæring som har vore viktig sidan 1700-talet, vil halde fram med å vere ein viktig berebjelke for utviklinga i landet vårt. Dyktige folk i heile verdikjeda bidrar med dette til å sikre velferda vår, slik den i sin tid la grunnlaget for etablering og framvekst av lokalsamfunn og byar langs kysten.

Det betyr ikkje at dette er ei næring utan utfordringar. Sjømatindustrien slit allereie i dag med for låg lønsemd, og oppdrettsnæringa har enno ikkje bevist at dei kan takle luseproblema og andre miljøutfordringar godt nok.

Havet gir oss moglegheitene, men skal vi utnytte dei må vi sørge for ei berekraftig utvikling av havbruksnæringa og halde fast på den gode forvaltninga av fiskeressursane.

Næringa må i samarbeid med styresmaktene ta tak i utfordringane for å gi rom for veksten.

Det har begge partar plikt til av omsyn til verdas behov for mat og Norges behov for nye arbeidsplassar og ny verdiskaping.