Motstand mot frihandel. Sentralbanksjef Øystein Olsen varsla ved årsskiftet at dersom det som ser ut som ei politisk bølgje i retning av å legge fleire hindringar i vegen for handel over landegrensene, verkeleg blir ein realitet, så vil Norge vere blant dei som blir mest skadelidande. Det har sjølvsagt å gjere med at vi er eit lite land med ein sårbar økonomi som er heilt avhengig av eksport for å finansiere ein velferdsstat. Det er nok til dømes vanskeleg å finne rike industriland som har hatt større utbytte av at Kina vart medlem i WTO, Verdas handelsorganisasjon i 2001. Det auka prisen på oljen vår og på mange av våre andre eksportprodukt. Samtidig fall prisane på varer som vi importerer. Vi har levd billegare enn vi elles ville ha gjort.

Her finner du flere av Sunnmørspostens ledere!

I april er det val i Frankrike og dei mest populistiske partia varslar at vinn dei så vil dei melde Frankrike ut av EU, og tanken er å gjere som Storbritannia å stenge grensene meir enn før. Det vil kunne øydelegge heile EU og EØS-samarbeidet, og eit nytt globalt handelsregime med tollmurar og bilaterale handelsavtalar kjem til syne i horisonten. Det er å skru klokka tilbake mange tiår. Også den komande presidenten i USA, Donald Trump, har varsla at han vil skrote handelsavtalar og innføre straffetoll på import som går ut over amerikanske arbeidsplassar. Gjer han alvor av det, er det all grunn til å frykte handelskrig, og det vil kunne redusere veksten i verdsøkonomien drastisk.

Det vil gå mest ut over dei fattige landa, som gjennom ein open verdsmarknad har opplevd å bli løfta ut av fattigdom gjennom inntekter frå handel med andre land. Sjølvsagt har globaliseringa hatt også negative sider. Arbeidstakarar særleg i ufaglærte yrke har blitt utkonkurrerte av arbeidstakarar i lågkostland. Løysinga er ikkje å stenge grensene eller å innføre toll, men i staden å omstille seg til produksjon som krev meir kompetanse.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

2017 kan vise seg å bli eit avgjerande år for handelssamarbeidet i verda. Fleire handelsavtalar kan kome til å ryke og i verste fall kan også den indre marknaden som vi er så avhengig av, bli sterkt svekka. Vi må krysse fingrar for at korkje Trump eller franskmennene eller britane er så dumme at dei øydelegg for verdshandelen. Det vil dei tape på.

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.