Tala fortel sjølvsagt ikkje alt om kvaliteten på norsk helsevesen, men det viser heilt klart at vi er på rett veg.

Dei tilsette har halde seg lojalt til dei politiske måla som har vorte sett dei siste tiåra. Difor er det uklokt å rakke ned på resultata, slik som helsepolitisk talsmann Torgeir Micaelsen i Arbeidarpartiet gjer. Han seier at regjeringa presenterer ventetidene på ein fordummande og glansa måte.

Måten å måle ventetidene på har vore så godt som uendra i alle dei 14 åra det har vore gjort. Ventetidsmåla har vore eit viktig styringsparameter for skiftande regjeringar, uavhengig av politisk farge. Det smakar av lettvint opposisjonspolitisk handverk når kortare ventetid ikkje lenger har verdi.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Det betyr ikkje at ein skal stole fullt og heilt på denne statistikken. Dette er tal det er mogeleg å manipulere med. Til dømes er det lett å kutte ventetidene ved å flytte ressursar til fremste geledd, få pasientane raskt inn til ein første konsultasjon og plassere dei i ei ny intern kø.

Slikt blir det ikkje betre helse av, og det fører heller ikkje til betre utnytting av ressursane. Det blir det først når ein ser heile kjeda i behandlinga under eitt, frå ventetid og utgreiing til avslutta behandling. Det blir då heldigvis også gjort.

Enno kan mykje gjerast for å auke både produktiviteten og kvaliteten i helsevesenet vårt. Norsk helsevesen kjem ikkje så godt ut internasjonalt som vi likar å tru. Vi brukar mindre på helse enn tilsvarande land og pasientane i Norge er mindre nøgde, i fylgje ei ny undersøking frå Commonwealth Fund.

Vi må heilt klart vidareføre og styrke arbeidet med å betre kvaliteten i heile kjeda, slik det mellom anna vert gjort med dei såkalla pakkeforløpa for kreftpasientar. Men vi får lite gjort med ein pasient som står i kø utanfor sjukehusdøra.

Her finner du flere av Sunnmørspostens ledere!