Oljeselskapa meiner nok at alle monner drar i desse tider, men kor mykje som er der, veit ein ikkje før ein borer, og det skal ikkje skje før ein har konsekvensutgreidd saka etter stortingsvalet i 2021. Det er altså langt opp og fram, og landsmøtet i Ap kan endre på vedtaket, men svaret i dag er altså kanskje om nokre år.

Oljedirektoratet har stadfest at det aldri har vore aktuelt å opne for oljeleiting i Vestfjorden, der det meste av Lofotfisket går føre seg. Same forsikringa burde kome når det gjeld dei sårbare gyteområda for sild på Mørebankane. Dersom ein skal la noko av oljen ligge i ro, bør det vere på slike stader.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Det er viktig for å få ny fart i oljenæringa at det blir opna opp for leiting i attraktive område, slik som no skjer i området i nærleiken av grensa mot Russland i Barentshavet. Seismikken viser lovande petroleumsressursar i området, men det ligg langt mot nord og langt frå marknaden. Oljeselskapa ønskjer seg nok funn i Norskehavet og også der bør dei leite.

Her finner du flere av Sunnmørspostens ledere!