Leder 31. januar:

«Vi må allereie no bu oss på eit villare klima»

Fleire skred Klimaendringane vil i Møre og Romsdal mellom anna kunne føre til fleire skred og flaumar, og fare for større stormskadar.  Foto: svein aam

Utan gode planar kan dei negative konsekvensane av klimaendringane bli så mykje større

Leder

Klimaet er i endring. Vi vil få ein auke i gjennomsnittleg temperatur, stigning i havnivået og meir ekstremvêr. Dette vil skje sjølv om vi skulle lukkast i å bremse klimautsleppa. Sjølv ei forsiktig framskriving av den utviklinga vi no ser, vil kunne få store konsekvensar.

Vi må difor alt no starte å førebyggje. Skubbar vi problema framføre oss vil sluttrekninga berre stige. Då vil omkostningane berre auke, både individuelt og for samfunnet. I tillegg til å avgrense dei økonomiske konsekvensane, kan gode førebyggjande tiltak også berge liv og helse som kan bli sett i fare av naturkreftene.

I Møre og Romsdal kan vi i framtida vente oss meir kraftig nedbør, fleire orkanar og større fare for flaum, skred og stormflo. Dette går fram av klimaprofilen for Møre og Romsdal som vart presentert for fylkesutvalet i går. Klimaprofilen er ei viktig påminning om at vi må handle no.

Denne profilen er utarbeidd av Norsk Klimaservicesenter, eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt, Noregs vassdrags- og energidirektorat, UNI Research og Bjerknessenteret. Den tek utgangspunkt i rapporten «Klima i Norge 2100», ein rapport som skal gi vitskapleg grunnlag å gjere dei rette klimatilpassingane.


Klimarapport lagt fram for fylket:

– Dette kan gje kolossal erosjon og få enorme konsekvensar

Møre og Romsdal må særleg rekne med kortvarige, intense regnskyll i tiåra som kjem.

Sjølv om endra klima også kan gi oss nokre fordelar, slik som lengre vekstsesong, er det i første rekkje skadeførebyggande tiltak som er viktige no. Nokre av desse tiltaka må vi vedta og gjennomføre på eit nasjonalt nivå, slik som endring av bygningsforskrifter, styrka beredskap og sikring av vital, digital infrastruktur.

Men svært mange tiltak må forankrast og gjennomførast lokalt. Mellom anna handlar det om å utarbeide arealplanar som tek høgde for klimaendringane, slik at vi til dømes unngår å byggje i framtidig skred- og flaumutsette område.

Her finner du flere av Sunnmørspostens ledere!

Gode planar for korleis vi best mogeleg skal møte klimaendringane kan sjølvsagt ikkje erstatte kampen mot klimaendringane, men utan gode planar kan dei negative konsekvensane av klimaendringane bli så mykje større. Difor må vi starte dette arbeide allereie no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Oppvarming av Barentshavet gir økt fiskebestand

Barentshavet blir varmere som følge av klimaendringene. Det gir økte fiskebestander – på godt og vondt.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Leder